Me opnar att 18. april

DRIFTSMELDING
Laurdag 18. april startar Sogndal Skisenter opp att skitrekka!
Dette i samråd med smittvernlege og kommunehelsetenesta i Sogndal. 
Ein syner til at Helsedirektoratet har gjort vurdering som seier at etter 5. april 2020 kan kvar kommune vurdere skianlegga utifrå storleiken og aktiviteten.

Det vert opent. Kl. 10-00 -16.00 Kun laurdag og søndag. Kafé vil fortsatt vera stengt. 

Det er særs viktig at ein føl restriksjonar som vert lagt til grunn for at anlegget no kan opne. 
Me ber om at kvar og ein set seg godt inn i desse: 
Berre ein og ein på T-krokane, med mindre ein er i same husstand

Ein må syte for å halda minimum 2 meter avstand over alt. Spesielt viktig å inrette seg etter køsystemet og henvisning frå personalet. 

Born bør helst ikkje vere i anlegget utan oppsyn frå føresette/foreldre. 

Alle skal nytte hanskar.

I og med dette er første helga me har opent under slike restriksjonar er det viktig at alle som besøker oss spelar på lag. Me minner om Helsedirektoratet si oppfordring til å minimere fritidsreiser, samt att hytteforbudet utover eigen kommune fortsatt er gjeldande.  Primært er dette eit tilbod me rettar mot lokalmarknaden og me ynskjer oss lokale gjester frå eigen kommune.

Me fekk vedtaket i dag, og me vil nytte dagane fram til helga til å legge til rette for ei best mogleg gjennomføring. Det kan komme oppdatert informasjon rundt restriksjonar og reglar fredag.

Vel møtt på ski igjen :)

Forrige
Forrige

Bli med på koronadugnad

Neste
Neste

Driftsmelding oppdatert per 25. mars