15-20 cm med nysnø i natt

Å, for ein strålande morgon! I alle fall for oss som likar snø. 15-20 nye centimeter med snø sidan i går, 5 minusgrader klokka 08 og alle fem skiheisane våre opne frå klokka 10-16. For langrenn vert 10-kilometeren preppa til klokka 10, og me køyrer fjelløypa mot Høgehaug like etter. I Dalalåven er det opningstida 10-18 i dag. For deg som likar bratt terreng må me minna om stor snøskredfare både i dag og i morgon. Varsom melder 3 på skalaen sin for Sogn, «betydeleg snøskredfare». Les heile varselet på varsom.no. God tur, og ta vare på deg sjølv!

Forrige
Forrige

Lette snøbyger

Neste
Neste

Alt duka for knallhelg