SUPER FAMILIEHELG  I HODLEKVE!

LAUSSNØBIKKJE: Sondre Setrom har ikkje gjort anna enn å køyre snøfjøl å glise heile denne veka. (Foto: Terje Valen Høihjelle)




Me feirar at vinteren endeleg har bite seg skikkeleg fast.

Og brettar opp ermane for ei durabeleg helg med skileik i fokus 

Sjå berre her: 

Laurdag 18. januar:

V INTERSPORTLEIKANE Eit lågterskel aktivitetstilbod for born i alle aldrar. Paralellslalomkonkurranse og hinderløype. Konkurransestart kl 12.30. Påmelding i teltet til Intersport.

LAUSSNØ Om temperaturen spelar på lag med oss køyrer me laussnøekspressen, føl med på Facebook for fortløpande oppdateringar

RØDE KORS  Sitt på med snøscooter eller ATV, etter kl. 14.0. Test skredsøkjar på tilrettelagt bane.

SKIDEMO Felleski langrenn, fjellski, Head Kore og SGNskis Rakkar og Rabbagast

LANGRENN Klepparennet er flytta til snøsikre Hodlekve

UTEGRILLING Utanfor Dalalåven mellom snøflukser fyrer Lise opp grillen

Søndag 19. januar:

ÅPEN BAKKE  MED FNUGG OG DNB, Kjøp dagskort til 50 kr. stk. Via DNB sine sider.

SPV ALPINSAMLING Førde IL og Sogndal IL i samarbeid. Open for alle aldersklassar. Påmelding på krinsen sine sider.

LAUSSNØ Om temperatur og føre tillet det, så køyrer me Laussnøekspressen. Føl med på våre Facebooksider for oppdatert info.

VANILJEHORN: Ein av slagarane saman med Hodlekvekakaoen. I helga fyrer Lise med vener også opp grillen. Det kan ikkje bli betre, Me møter opp svoltne.

LES ENDÅ MEIR OM ALT DETTE HER: 

Med solide snødump har det vore legendeforhold i skogane hjå oss siste dagane. 

Men det er ikkje berre  i  to meter laussnø ein finn skigleda. Mykje folk i preppa løyper og langrennspor, store som små. 

Dette smittar sjølvsagt over på oss. Så då blir det skifest!

Trening, helse, trivsel og meistring.

Det verkar som sogningane og tilreisande har funne tilbake til den verkeleg store skigleda.  Anten det er trening eller skileik. 

Laurdag kjem både Intersport Sogndal og Sogndal Raude Kors Hjelpekorps på besøk.  Alt frå skirenn til scooterkøyring er noko dei kan skilte med.

INTERSPORT SOGNDAL: Laurdag blir det årets første store aktivitetsdag, med verdas beste sportsbutikk, utanfor Dalalåven.

V INTERSPORTLEIKANE

Er Intersport Sogndal sin eigen vinterfest  for born i alle aldrar. Eit lågterskeltilbod, der leik og meistring står i førarsetet.

Her blir det hinderløype og parallelslalom i Toyotatrekket. Parallelslalom startar kl. 12.30 og det er påmelding i teltet til Intersport utanfor Dalalåven.

Det vert grilling og skidemo. 

Kari på Intersport lovar også premiar til alle som deltek i skikonkurransen so lenge premielageret rekk. Olafen kjem på vitjing .

Det vert høve til å teste både felleski for langrenn, og fjellski gratis. Det same gjer Head Kore og SGNskis sin RAKKAR og Rabbagast! 

DEMO: Kjenner du nokon som synest ATV og scooter er tøft? På laurdag vert det muleg å få sitta på med Hjelpekorpset når dei kjem til Rindabotn.





SOGNDAL RØDE KORS HJELPEKORPS 

Jammen kjem Hjelpekorpset også innom ein snartur utanfor Dalalåven laurdag.

Dei er på plass frå kl. 11.00 men tek ei pause mellom kl 12.00 og 14.00

Det er sjølvsagt sikkerheit som står i fokus hjå den gjengen. 

Her kan born få ta både ATV og snøscooter i nærmare augesyn, er ein tøff nok så får ein også sitte på ein liten tur. Det er ikkje farleg, berre stiligt. 

Korleis fungerer ein S/M (skredsøkjar)? 

Test deg sjølv i kontrollerte former på skredsøkarbana. Få innføring i bruk av slikt ustry. og slå av ein god førstehjelpsprat. 


Alt dette føregår i umiddelbar nærleik til Dalalåven, så då er ikkje Lise meir kvien enn ho hive seg med og fyrer opp grillen utandørs i velkjendt stil! Ho lovar råvarer av lokal og ypparste kvalitet.  Innandørs er både kafé og leikerom opent, for dei som treng ein pust i bakken.



Systrendingane sitt Klepparenn vert flytta til Hodlekve, også på laurdag.  Det er SYRIL. Start er kl 13.00 påmelding via krinsen sine sider. 

Søndag er ingen kviledag hå oss.

SPV si alpinsamling går av stabelen i vintereventyret Hodlekve.  

Det er Førde IL i samarbeid med Sogndal IL som arrangerar, Samlinga er open for alle aldersklassar. Påmelding via krinsen sine sider. Klikk: HER



I tillegg er det åpen bakke med Fnugg.no og DNB

Denne dagen kostar det kun kr 50,- pr dagskort om ein kjøper kort via DNB sine sider. Det er berre eit vist tal dagskort for sal pr. skisenter.

Dette årlege arrangementet er tufta på for å få fleire ut i bakkane på ski. Og klar me er med på det! 



ME HAR OPENT FRÅ KL 10.00 TIL 16.00 Fredag - Laurdag - Søndag ( Fredag har me også kveldkøyring kl 18-20)

Dalalåven har ope i same tidspunkt.

Skibussen går frå Skysstasjonen kl. 11.00 med retur frå Rindabotn kl. 16.00 Les meir om bussen her: SKIBUSS


Langrennspora skal vere trakka til kl. 10.00 kvar morgon. ( sjekk ut på skisporet.no for når det er preppa)

For fjelløypa til Høgehaug og Laussnøekspress. Følg med på Facebook for fortløpande info og vurderingar.



Vel møtt til vinterfesthelg hjå oss i Hodlekve!




Djupe dagar i Hodlekveskogen. Slik har det vore denne veka. Held temperaturen seg på rett side av gradestokken så går me mot ei magisk helg.

Følg med på Facebook for oppdatert varsel om Laussnøekspress m.m. ( Foto: Terje Valen Høihjelle)

Forrige
Forrige

KVELDSKØYRING Berre i Toyotatrekket i kveld

Neste
Neste

SPV Alpinsamling Hodlekve