SPV Alpinsamling Hodlekve
Søndag 19. januar inviterer Førde IL i samarbeid med Sogndal IL til SPV Alpinsamling i Sogndal Skisenter, Hodlekve.
Samlinga er open for alle aldersklassar.
Det terminlistefesta rennet SPV AlpinCup i Blomlia søndag 19. januar vert ikkje avvikla grunna manglande skiforhold i Blomlia. Førde IL inviterer i staden til SPV Alpinsamling i Hodlekve i samarbeid med Sogndal IL.
Tidspunkt:
Søndag 19. januar 2020
Klar til økt kl. 11.00 ved SIL-hytta i Hodlekve (barnetrekket)
Stad:
Sogndal Skisenter - Hodlekve
Rammeprogram:
Det blir lagt opp til 2 økter inkl. pause.
Ta med utstyr for SL og SSL, og mat og drikke.
Samlinga blir også tilrettelagt for dei alle yngste.
Trenarar:
Jørgen Lambrechts, Samson Wie og Tuva Hoff Nedrebø
Samlinga er kostnadsfri.
Heiskort kr. 150,-.
Påmelding via Min idrett innan fredag 17. januar kl. 23.59.
Påmelding her: PÅMELDING
Kontaktpersonar:
Erik Solheim (Førde IL Alpin), tlf. 917 39 262
Knut Munthe Olsen (Sogndal IL Alpin), tlf. 922 26 137