Sommar i Hodlekve
1. mai var siste tur med skitrekket for denne sesongen.
Men det er fortsatt knallgode forhold for skiturar til Høgehaug, og alle dei flotte fjedli i kring oss.
Nordsidene ligg endå beskytta for vårsola, enn så lenge den ikkje er komen høgt nok på himmelel, finn ein turr fin laussnø mange stader. Men er ein heller av den solhungrige sorten, så er vel vårslushen i solbaka sørvendte fjellsider betre å føretrekke.
Lange lyse dagar, kontrastane si tid, vår nede og vinter oppe.
Ein får litt av alt her i Sogn.
Me har ledige hytter utover seinvår og sommar. Ein perfekt base for fjellturar i Sogn, du bur sentralt når du bur hjå oss. Eit utval av hyttene og leiligheiter finn du her: HYTTEUTLEIGE
Det skjer mykje hjå Sogndal Skisenter i sommar.
Det er rart å seia det. Men no vil me ha vekk snøen frå anlegget vårt, snøggast mogleg. For slik me kan starta på sommarsesongen for fullt.
Hodlekve er ikkje lenger berre eit skisenter. Hodlekve er, og blir, ein større destinasjon heile året.
Eit knutepunkt for trivsel, ferie, fritid, aktivitetar, flott natur og dei gode stundene.
Med ein gang snøen reiser er me i full drift for å utvikle området her endå meir.
Me vil fortelja meir om det seinare i sommar.
Men her har du litt og prate med naboen om:
– Me byggjer asfaltert Pumptrack ved sidan av Dalalåven. Denne skal vere klar til ferien.
– Med pumptrack på plass har me utvida sykkeltilbodet mykje. Meir skal det bli. Me har ein masterplan snart på plass. Sykkel i sentrum.
– Hjå oss vil du i sommar kunne leiga stisyklar, gjennom Intersport sin butikk i Dalalåven.
– Grøn Løype er klar , den som byr på flott nedsigling på vinteren, men blir ein lettvint veg for å kome seg til høgfjellet på sommaren. Sykkeltur i motbakke eller vandring.
Valet er ditt. Utsikta er heller ikkje å klage på.
– Me har bygd Gapahukar i grønn løype
– Me byggjer fleire turstiar innover fjellet og oppover liene. Med ny vandrebru over Reipa kjem ein seg tørrskodd på austsida. Opp mot Kollsetevatnet plasserar me ut kloppar, og me ryddar nye flotte turstiar.
– Nye stiar andre stader kjem også til. Høgehaugstien skal mellom anna pyntast på.
– Me utbetrar vinterløypa til Høgehaug. Med ny grusveg over Stedjekamben fjernar me cruxet for trakkemaskinene våre. Slik kan ein preparere opp der på eit tidlegare tidspunkt og mindre snø. Bonusen blir at du får ein endå lenger sesong i preppa løyper til Høgehaug.
– Langrenn er eit av dei større satsingsområda i åra som kjem. Saman med ihuga entusiastar ryddar me betre og nye langrennsløyper. Ambisjonane er høge, me er godt i gang. Berre vent å sjå, det skjer mykje spennande på den fronten frametter.
– Dalalåven blir open i sommar. Her kan du få ein matbit før eller etter fjellturen, eller sykkeløkta. Ny spanande meny er på veg. Lokalmat og Dalagris. Mange har smakt den, fleire har høyrt om den. “Dregen gris”, Dalaburgar. Pulled Pork so dei seie i bydn. Me har laga den sjølv.
– Me samarbeidar med grunneigarar, slik at du i sommar vil du også kunne få kjøpt fiskekort til dei forskjellige fiskevatn i og kring Sogndalsdalen. Men kvar den største fisken står, må du finne ut sjølv.
– Me legg til rette for bubilparkering på dei store parkeringsplassane våre no i sommar, eit tilbod som kjem etter ein jamn etterspurnad tidlegare år.
Hodlekve veks seg betre, eit meir gjennomført anlegg.
Den nye destinasjonen til fjells.
Vekk frå hovudvegar, trafikk, mas og tjas.
Hodlekve er den nye tumleplassen heile året.
Vel møtt til deg
og sommaren hjå oss!