Lilly Schøyen overlet styreplassen sin til Tommy Harjo

Lilli har vore ei viktig røyst i Hodlekve sidan starten, no sender ho stafettpinnen vidare, og valnemda har funne ein ny kandidat.


På generalforsamlinga i Sogndal Skisenter Drift den 14.06.2022 i Dalalåven vart ei årelang epoke over for Lilly.

Då var det sjølsagt på sin plass at styreleiar Rolf Navarsete takka ho av for inn satsen -

Lilly har vore ei bauta i idretten i Sogndal. Det har ho ogso vore i idretten i Sogn og Fjordane og nye Vestland fylke. Hennar bestemte, men likevel mjuke vesen , har vore med å bringe saker, aktivitetar og anlegg framover i fleire tiår. Ho har våga å representere Sogndal utafor fylket, på krets og region-nivå. Ho har våga, handla og smilt. Lilly er eit førebilete for oss alle , ho har sett kor viktig idretten og organisasjonslivet er for å byggja samfunna våre. Eg skal tenkja på deg kvar gong eg suser nedover bakkane du har laga til meg .

Dette er eit lite utdrag av det Styreleiaren kunne fortelle om innsatsen til Lilly. Me andre heng oss på ! Det har vore kjekt å deg med på laget Lilly !

Lilly sender stafettpinnen vidare til Tommy Harjo, ein Vadsøvering som har funne seg godt tilrette i Sogndal. Han kjem i frå Sogndal Idrettslag -langrenn, og sit og i styret i eigedomsselskapet til Hodlekve. Me ynskjer Tommy velkommen til styret i Sogndal skisenter drift AS. Me har store ambisjonar og mange spanande prosjekt som skal utviklast framover.



Forrige
Forrige

Kart Sogneregion

Neste
Neste

Sommar i Hodlekve