Sognenett blir ny generalsponsor

Sognenett blir ny generalsponsor !

Sogndal skisenter – Hodlekve er inne i ei rivande utvikling. Selskapet har ideel føremålsparagraf og eit evt. overskot skal gå attende til drifta av anlegget.

Skisenteret skal vere motoren i den vidare utviklinga av anlegget og me ynskjer å utvikle oss til ein heilårsdestinasjon. Samstundes skal utviklinga vår kome folket i regionen tilgode !

-Me er heilt avhengige av lokalt næringsliv for at me skal lukkast med vår drift og utvikling. Det er derfor svært gledeleg å kunne meddele at me i dag har fått endå ein ny generalsponsor med oss på laget. Frå før har Intersport Sogndal og Toyota Sogn gått inn som generalsponsorar. – seier dagleg leiar Per Odd Grevsnes i Sogndal skisenter

Christine Helen Førde er marknadsleiar i Sognenett. Ho fortel at Sognenett heilt sidan starten på utviklinga av hyttefeltet har vore aktive i anlegget. Dei har lagt ned mykje arbeid i infrastruktur. Alle hyttene har no tilbod om å knytte seg til høghastigheitsfiber.

Samarbeidet skal gje gjensidig nytte. Me vil fronte Sognenett gjennom våre kanalar og vidareformidle deira tilbod til våre brukarar. Samstundes vil publikum merke dette ved at Sognenett etablerer gjestenett på utvalgte stadar i skisenteret – seier Grevsnes.

Forrige
Forrige

Neuman Kaupanger blir ny generalsponsor

Neste
Neste

Første vitjing av Kongvinter sesongen 2018/2019