Neuman Kaupanger blir ny generalsponsor
Lokalt næringsliv går saman for å utvikle Sogndal Skisenter -Hodlekve.
Skisenteret er inne i ei rivande utvikling. Selskapet har ideel føremålsparagraf og eit evt. overskot skal gå attende til drifta av anlegget.
Me nærmar oss no 1. million i årleg støtte frå våre generalsponsorar! ,
Neumann Kaupanger er den største byggevareleverandøren i Hodlekve, og er marknadsleiar i Sogn. Gjennom denne avtalen syner dei at dei har store ambisjonar i høve framtidig utbygging. Avtalen med Neumann Kaupanger representere godt over ein ein halv million over ei treårsperiode.
Uviklinga i Hodlekve representerer ei formidabel næringsutvikling, dette veit dei mest framoverlente verksemdene i bygda, dermed ynskjer dei å posisjonere seg for framtidig vekst. Seier dagleg leiar i Sogndal Skisenter- Hodlekve, Per Odd Grevsnes.
Hodlekve er ein viktig marknad for oss i dag, og skal vere det i åra som kjem. Det er derfor heilt naturleg at me går inn og samarbeider med Skisenteret som står i front for utviklinga - seier salgsleiar Ole Johnny Ålsberg hjå Neumann Kaupanger.
Kaupanger vil snart bli eit sentrum for byggevare i regionen. Dette vil gi oss nye muligheiter samstundes som me og vil merke auka konkurranse. Me er derfor glade for at me no har fått på plass eit langsiktig samarbeid med Skisenteret, seier avdelingsleiar Olve Aaberge i Neumann Kaupanger.
Neumann søker no etter nye medarbeidarar :