Skitrekk opent kvar dag i vinter?

Svaret er ja!

Størsteparten av vinteren held me nemmelig opent kvar einaste dag!

Det vil seia praktisk at om me får snø før jul, så vert det opent kvar dag frå og med julaftan og kvar dag fram til og med påsken!

Det er Holentrekket og Toyota barnetrekk som vil vera opent kvar dag.

Dermed utvidar me vårt tilbod kraftig denne sesongen. I vårt midtvekestilbod vil det også vera kveldskøyring i begge Hodlekvetrekka kvar tysdag, torsdag og fredag.

I helgar og feriar vil også Boligpartnertrekket (Kalvavatni) samt Hodlekvetrekka ver opne på dagtid, som før.

Me meiner at tida er inne for å prøve ut med ope kvar dag.

Dette vonar me er attraktivt for dei som kjøper sesongkort, og sjølvsagt eit mykje betre tilbod til hytteeigarar. Me ser der er ein veksande trend at fleire no vel seg hytta som heimekontor, etter me fekk fibertilgang til hyttefelta. Kva er vel betre enn ein utstrekt lunsj med nokre rundar i bakken, ski inn/ut medan kollegar i byadn strevar med å kopla seg opp på Teams?

Me ser også ein markant auke i tal på skuleklassar som besøker oss midtvekes, ikkje berre frå vår eigen region, men det som kan kallast “gamle Sogn og Fjordane”.


Når ein har ferie er ofte alle dagar meir eller mindre like. Det kjem stadig fleire skituristar til oss. Skal me gje desse eit godt tilbod må me ha ope alle dagar.

Me fekk på plass ei ny familivenleg løype denne sommaren.

Den “grøne løypa”. Dette er ei løype med snitthelling på 10%, dette gjer til ei mykje betre tilrettelegging for heile familien. Det er slakt, breitt og oversikteleg. Terskelen vert mykje lågare, fleire kan få oppleva skigleda.

Alt i alt er det duka for ein ny sesong der mykje er gjort betre for at akkurat du og dine skal få ei endå betre oppleving når de kjem på besøk hjå oss.

I desse koronatider legg me også til rette for ein tryggare kvardag her hjå oss.

Ein kan lett kjøpe både skipass og parkering online. Og me legg også til rette god informasjon kring hensyn til smittefare.

Last ned EasyPark Appen og kjøp sesongkort der. ( sjå instruksjon nedanfor artikkelen)

Det er kampanje på sesongkort fram til og med 1. desember, sesongkort finn du her. SESONGKORT








Forrige
Forrige

Siste frist er på Laurdag !

Neste
Neste

Betre tilrettelagt for familiar kring “Kalven”