Betre tilrettelagt for familiar kring “Kalven”
Når du står på ski kring påstigninga til Boligpartnertrekket (tidl. Kalvavatni) vil du merke litt forskjel denne sesongen.
Ein har sett ein markant auke i trafikk og bruk av dette skitrekket siste to åra. Spesielt er det born og familiar som har funne sine løyper i området.
– Det er litt forskjellige ting som vert betre no når me flytta heishuset der. Fellesnemnaren er betre logistikk Grunna auka bruk og at den nye grøne løypa vår kjem inn i området her, så har me flytta om samt gjort nokre terrengendringar, seier Kim Andre Navarsete, driftsleiar i Sogndal Skisenter Drift (SSD)
Han legg til at det vert endå betre for born som skal ta trekket.
– Det vert ei mykje mjukare påstigning no, mykje lettare for born å komme seg på T-kroken. Alt i alt har me no fått mykje betre plass i området, plass til ny skiløype som kjem forbi, samt me har eit stor flate tilgjengeleg der me skal sette ut benkar og rastebord. Tenk deg kor flott det blir og eta nistepakken sin der oppe i vinter.