Me opnar Toyotatrekket julaftan
Me opnar Toyotatrekket julaftan
Me treng framleis meir snø for å opna dei store skitrekka i anlegget vårt.
Mange har allereie teke fram skia sine og brukar eigne krefter til å testa fjellski og litt
kraftigare toppturutstyr frå Rindabotn. Men den knappe halvemeteren med snø er diverre
for laus og luftig til at me greier å preparera dei brattaste heistraseane og bakkane.
Men ei gladmelding har me: Julaftan opnar me for dei yngste når Toyotatrekket vert sveiva i
gang.
- Me startar Toyotatrekket og held ope i Dalalåven, seier dagleg leiar Per-Odd
Grevsnes.
Han kryssar både ski og stavar i von om meir snø så snart som mogleg, slik at han og staben
hans kan starta opp dei andre skitrekka og by fram gode langrennstrasear.
Det kalde vêret i november og desember har ført til djup tele i grunnen, såpass djup at Reipa
og alt av bekkar og grøver har gått turre. Dette gjer at snøkanona no er arbeidsledig; det er
rett og slett ikkje vatn nok til snøproduksjon. Og snøen som har kome dalande er av det
turre og lause slaget.
- Me satsar på at det snur snart og at me får eit bra påfyll i romjula, sier Per-Odd.
Uansett lovar han skikkeleg satsing ved skisenteret framover. Frå og med julaftan er det ope
kvar dag, både i Toyoytatrekket og Dalalåven.
- Om kort tid er sesongens aktivitetsplan klar. Her er det mykje å gleda seg til, seier
Per-Odd.
PS! Vesle julaftan prøver me også å klargjera 5-kilometeren i langrennsarenaen. Traseen vart
trakka med maskin torsdag 22. desember, og vesle julaftan prøver me oss med fres og
sporleggjar. Følg med for oppdatering på Facebook og Instagram.