5-kilometeren i langrenn klar!

Endeleg! No er heile 5-kilometeren i langrennsløypene klar til bruk - med spor heile vegen.

Ikkje er det mykje snø, og den me har er luftig og kald, så maskinførar Kurt Ove har ikkje hatt så mykje å leika seg med. I går tok han runden utan fres og sporleggjar, for å komprimera snøen og lata minusgradene gjera jobben. Og kring klokka 12 i dag, dagen før dagen, kunne han servera gladmeldinga om at no kan langrennssesongen endeleg starta hjå oss.

Det stikk opp nokre grastustar og busker her og der, særleg nede ved sjølve stadionområdet, men ikkje verre enn at du trygt kan henta fram og testa langrennsskia dine.

God langrennstur!

PS! Dalalåven er open kvar dag framover, og julaftan startar me opp Toyotatrekket.

Forrige
Forrige

God Jul !

Neste
Neste

Me opnar Toyotatrekket julaftan