Me opnar Holentrekket i Rindabotn 3.Juledag !
Endeleg kan me trykke på ein ny knapp :) Denne gongen blir det Holentrekket i Rindabotn som går av med sigeren. Det blir i første hand berre den grøne nedfarten som blir opna. Me vil jobbe vidare med andre nedfarter etterkvart. Me må minne om alpinvettreglane, der står det mellom anna at all kjøring utanom merka løyper er på eige ansvar. Me har elles hjelmpåbod i vårt anlegg. Så er det dette med å holde avstand til kvarandre og bruke maske dersom det blir vanskelig å holde meteren. I Dalalåven ligg det masker ved inngangen dersom nokon har gløymt å ta med.
Opningstidene våre er 10-16 (1/1 : 11-14)
Vel møtt !