Godt Nytt År !

Sogndal Skisenter har klare mål om å utvikle anlegget i Hodlekve til ein heilårsdestinasjon. Det betyr at me må utvikla barmarkstilbod samstundes som me utviklar vintertilboda våre. Når snøen reiser brettar me opp armane og byrjar på arbeidet med pumptrack, hoppline, stiar og merking. Planane er klare! Før dette skal me ha ein god vintersesong. Me trur på snø dei neste dagane og då får me truleg nok til å kunne sette i drift heile anlegget. Det gler me oss til!

Me ser at dersom me skal kome tidlegare i gang med sesongen, må også me investere i kunstsnøanlegg. Dette er tunge investeringar med påfølgande dyre driftskostanadar. Det blir derfor viktig at me planlegg dette godt og at me tek dei rette valga for kva som er best for oss. Slike tunge investeringar vil me kunne få til om me får med oss investorane for framtidige hyttefelt.

Sogndal skisenter - Hodlekve er i hovudsak eigd av Sogndal Kommune . Området Hodlekve er av politikarane peikt på som eit område for friluftsliv og hytteutbygging. Me ser at om me gjer ting rett, blir dette ein bra plass for alle. Me treng kapitalen som hytteutbygginga gir til å utvikle anlegget, og anlegget kjem så heile bygda til gode !

I 2022 ynskje me å invitere politiske parti, lag og organisasjonar, grunneigarar og hytteeigarar til uformelle møter i Dalalåven der me kan fortelle om våre planar og der me kan få tilbakemeldingar og råd.

Med dette vil me ynskje alle våre gjester Godt Nytt År !

Hodlekve april 2020











Forrige
Forrige

Langrennsløypene er no klare!

Neste
Neste

Me opnar Holentrekket i Rindabotn 3.Juledag !