Me køyrer Neumanntrekket torsdag og fredag

Det er vinterferie i Hordaland og Rogaland denne veka. Kjekt at så mange tek turen til Hodlekve også i frå den kanten. Dermed held me ope Neumanntrekket på torsdag og fredag denne veka. Neumanntrekket er det eldste trekket i Hodlekve og det som ligg nederst i anlegget. Her er det og ein barnebakke som og vil vere opne desse dagane. Dermed kan alle hyttegjestane ta på seg alpinskia og skli rett i trekket :-) Tek du Nemanntrekket til topps vil du kunne skli over til Rindabotn der Dalalåven serverer god mat.

Elles er alle fjelløypene trakka i dag og klare til bruk , vipps oss gjerne ein slant om du set pris på at løypene vert trakka. VIPPS 85540.

Forrige
Forrige

50 år med alpinsport i Hodlekve

Neste
Neste

Sparebanken Vest spanderer gratis dagskort på sine kundar 26 og 27 Mars