50 år med alpinsport i Hodlekve
I år er det 50 år sidan Oddvar Uglum starta med skitrekket sitt i Hodlekve. Ein januardag i 1972 dukka Oddvar Uglum opp med Mini-Max´en sin. Det første tautrekket vart strekt opp, kring 350-400 meter langt. Å bli trekt opp var jo heilt eventyrleg. Men alt i 1940-åra vart det halde konkurransar, i området Rindabotn der det nye skisenteret er no. Hans Faleide tok initiativet og arrangerte renn for 3-mannslag som kjempa om «Påskeskjoldet» i krigsåra 1940-45. Også på Ugla hadde tysk-østerrikske soldatar lært frå seg svingteknikk til dei lokale ungdomane under krigen.
I 1980 stod Sogndal IL og alpingruppa som arrangør av junior-NM i Hodlekve. Då var den nye Poma-liften på plass. Mange eldskjeler hadde gjort ein enorm jobb for å få dette til.
På laurdag den 19. mars ynskjer vi å markere dette jubilet.
Eldskjelene kjem og fortel gjerne litt om starten på eventyret i Hodlekve. NEUMANN Kaupanger er vår største sponsor og spanderer i dag gratis bruk av Neumanntrekket samt barnetrekket i Hodlekve. I Sil-hytta ved dei nederste parkeringsplassane vil du kunne sjå bilete frå starten, her kan du og få ei god historie eller to frå korleis Sogndølene nytta området for 50 år sidan ! Her blir det og høve til å grille, då me set opp bålpanner. ❄️❄️❄️
Arr idag:
Attacking Vikings i barneheisen i Hodlekve. Her er det crossløype med kular og hopp.
Friski slopestyle arrangement i Rindabotn.