Jubilant og styreleiar tok parkeringsvakta!
På gebursdagen sin tok Rolf året si første P-vakt i Hodlekve. Og for ei vakt.
Smekk fullt på alle parkeringsplasser i Rindabotn, inkludert 70 plassar langs vegen. Desse plassane vart klargjort av Runar Vedvik like før bilane parkerte.
- Dette er moro. Mykje positive folk som vil bruke anlegget som vi fornyar kvart år. I dag var det fantastiske forhold til Høgehaug, inkludert den nederste delen som vi har utbetra i år - mellom anna delvi finansiert av parkeringsavgifta, seier ein entusiastisk styreleiar og jubilant.
Etterpå vart det kake spandert av Rachel i Dalalåven. Den delte han med p-assistent Fartein Bøyum, styremedlem i skisenteret Halvor Gregusson og skientusiast Egil Mundal.
I morgon er Rolf på plass igjen.