Ei ny superhelg er over !

Ein stad mellom 2 og 3 tusen personar tok turen til Hodlekve i helga. Det gode føret i tillegg til at været var bra, medførte at mange valgte å ta turen til Hodlekve. Det var noko meir folk på laurdag enn sundag slik det har vore dei siste åra.

Fjelløypene og langrennsløypene våre vart og godt besøkte i helga. Stor takk til dei som kom med eit skisporbidrag på Vipps: 85540. Me lovar å bruke kvar ei krone til å preppe løyper !

No ser me fram til ei veke med mykje vær. Det er meldt temperaturar over 0 like til Blåfjell midt i veka, og mykje nedbør. Så blir det kaldare att mot helg og truleg meir snø :)

Forrige
Forrige

Gyda medfører at me stenger på fredag

Neste
Neste

Jubilant og styreleiar tok parkeringsvakta!