Håpar ny nettside vil fremja Sogndal Fjellandsby

24. juni lanserte Sognefjorden Utvikling (SU) si nye nettside som omhandlar utbyggjinga i Sogndal Fjellandsby. 

Nettsida skal vera ei plattform som presenterer  hyttefelta, området, sal av hyttetomter i området kring Sogndal Hodlekve.

– For oss er det fantastisk flott å endeleg ha ei plattform der me kan spegla kva me kan tilby, syne fram ein flott plass,  få synt dette fram på ein god informativ og visuell måte. Noko eg meiner me har fått godt til. Eit godt arbeidsverktøy for framtida. seier Anne Sissel Gjelsvik hjå SU.

SU har nytta Gasta Design og Kommunikasjon AS i Sogndal til jobben med nettsida. Ikkje eit tilfeldig val i følje Gjelsvik.

– Me valde Gasta sidan dei er lokale, har kjennskap til det me driv med og er særs proffe. Gasta er alltid lette og samarbeide med, og forstår språket me vil formidle. Dei er entusiastar på linje med oss når det kjem til utvikling og presentasjon av regionen vår.  



Den nye nettsida har adressen sogndalfjellandsby.no

Slik ser den nye startsida til sogndalfjellandsby.no ut






Forrige
Forrige

Full fart i sykkelløypa!

Neste
Neste

3 fantastiske familieturar