Full fart i sykkelløypa!

Med knall forhold

i Saltdalshytta Sykkelpark

Ny runde. Innanfor porten går rundløypa vår. Berre å gi gass så mykje ein berre orkar.


Når snøen reiser i byrjinga av juni er det full aktivitet i den 1,2 kilometer lange sykkelløypa i Rindabotn.

I slake svingar, ikkje for bratt trør ein seg opp att til toppen. Oppstigninga går der barnebakken er vinterstid.

Morosame doseringar og gode svingar, litt opp og mykje ned, tråklar løypa seg gjennom bjørkeskogen.

Rundløypa som allereie har blitt ein populær aktivitet er perfekt for meistring og leik. Her blir borna betre og betre, runde for runde.

Men det er ikkje berre for borna dette er moro. Tilbodet er flott for heile familien, trening, meistring og ein sosial aktivitet i trygge omgjevnader.

Lågterskel sykkelløype i trygge omgjevnader. Berre hjelmen er på rett plass. God tur

Løypa ligg like ved Dalalåven i Rindabotn, det er ikkje tillete for motorisert ferdsel, og ein er skjerma frå bilveg. Det skal og er trygt å sykle i løypa. 

Berre hugs på og bruke hjelm, det er påbudt.

God tur og vel møtt til Saltdalshytta Sykkelpark i sommar! 

Vel møtt til Saltdalshytta Sykkelpark i Sommar og Haust.













Forrige
Forrige

Der Auren vakar

Neste
Neste

Håpar ny nettside vil fremja Sogndal Fjellandsby