Har ala fram delikatessegris til Dalalåven

Du trur det ikkje før du har smakt det!

No kjem Dalalåven til å tilby matrettar du ikkje har drøymt om i dine villaste matfantasiar. 




Her skal du få smaka på plomegris og pæregris ala fram på ein høgdegard i Sogndalsdalen.

Dalalåven skal satsa på lokale matrettar, slik at det ved einskilde høve skal vera mogleg å få servert middagsrettar av aller ypparste klasse, då med svin på menyen.

Først ut er vår eigen Pulled Pork Burger. Den er komen på menyen og har allereie rukke å blitt ein stor favoritt blant fleire. Nyskjerrig? Berre kom innom å prøv då vel.




Mykje kjærleik

Det er akkurat her pære- og plomegrisene kjem inn. Gjennom førre sommaren har ein liten flokk griser vorte ala fram frittgåande på ein stor bø framme i Sogndalsdalen, med frisk dalaluft, mykje kjærleik og plomer og pærer. Det er pærene og plomene som er den store løyndomen, og skal smakssetja kjøtet til kulinariske høgder. 

Grisen har den eigenskapen at den tek opp smak i kjøtet; det du matar den med, får du att i smak. Berre spør han lenger ute i fjorden som fora grisene sine med fisk rett før slaktetid. Akkurat det gjorde han aldri om att.

Sterkt griselag

Det er gardbrukar Hilde Hofslundsengen Valland som har teke på seg ansvaret med å ala opp grisene for Dalalåven. Grisene har gått fritt innanfor eit stort, inngjerda område høgt over Lauvhaug i den delen av Sogndalsdalen lokalkjende kallar Middalen.

Magne Hofslundsengen, Yngve Hallèn og Reidar Dvergedal, alle sentrale i oppbygginga av Dalalåven, har kvar på sitt vis bidrege i prosjektet. Førstenemnde som menyansvarleg dei siste fire vekene før slakting, Hallèn med sine matkunnskapar etter stuerttida i Bergen-Nordhordland Rutelag, og Dvergedal med sine røynsler frå oppveksten på Ølnes der dei fleste gardane hadde sine griser til eigen matauk.

Pærene og plomene grisene er fora på er dyrka fram på Leikanger og servert med perfekt modningsgrad.



Vikja

Saman med Olav Arnar hjå Vikjakjøt (vikja.no) har Dalalåven foredla produktet til det absolutt ypparste du kan få innan økologisk svinekjøt. Tradisjonell produksjon og tilverknad har gitt dei absolutt beste reslutata. No er me i Dalalåven stolte over å endeleg kunne dele desse kulinarisk kortreiste råvarene med deg.
Vel møtt til gards og vel bekomme!






Forrige
Forrige

Vel møt til påske i Sogndal Skisenter

Neste
Neste

Ei verd i endring og nypreppa løyper