Ei verd i endring og nypreppa løyper
Verdsamfunnet me lev i har hatt enorme endringar berre på eit lite år.
Det er mest som på Høgehaug ein solskinsdag, kontra når det er ruskevêr og ein total kvite, der ein ser mest ikkje noko i det heile.
Kven skulle trudd at to so like, er også to så forskjellige.
Like sikkert som det alltid kjem ein ny vår på Høgehaug, får me håpe at snart det er tid for ei endring att, også ute i verda.
Men før våren kjem har me alle ein jobb å gjera. Du må halda deg og dine friske, medan me preparerer løypene våre, so lenge me kan og so godt me kan.
Held me løypene opne har du ein trygg plass å vera, ein trygg plass til å lufte tankar, reflektera, få den gode trimmen, den friske lufta.
No har det endeleg kome litt påfyll av snø, og endeleg har me kome oss til Høgehaug att, med trakkemaskina.
Me har også fått gjort nokre etterlengta runder i langrennsløypene våre, prima forhold er det der borte no.
Føl du med oss på skisporet.no så ser du når me har preppa opp løypene.
Det kostar mykje å halda løypene gode og preparerte. Som eit takk for turen blir me særs glade for alle frivillige løypebidrag. Vipps: #85540
Me vonar å sjå deg att, gjerne til eller frå Høgehaug, i fem- og ti-kilometeren, eller i bakkane våre. Med nysnø og ei stabil veke i anmarsj ser det lyst ut for påska 2021.
Me preppar løyper og er klare til å ta deg i mot.
Preparering av løpene våre:
Kvardagar: Lysløypa (5km) er klar til kl. 17:00
Helgar: Lysløypa og 10km er klar til kl. 10:00.
Turløyper over Høgehaug, Fjærlandsete:
Me prøver som eit minimum å preparere til kvar helg. Etter me er ferdig med langrennsløypene. Men også oftare når det er gode føresetnader.
Velkomen til fjells.