Vel møtt til avslutningshelg i samarbeid med Fjellsportfestivalen.
Det nærmar seg mai og sesongavslutning og det ønskjer vi i Fjellsportfestivalen å markere med ei heidundrande avslutning i Rindabotn.
Det vert konkurransar for både store og små og aktivitetar gjennom heile dagen.
Ikkje legg vekk skia heilt endå og bli med oss på:
TRAST TAOA I HODLEKVE
Program for dagen:
*09:00 -Raskaste karen/ kvinna i Dalen* Er du verkeleg raskare enn naboen? No kan du bevise det ein gong for alle!
*11:00 - Skiskyting med erteposer i barnebakken* Me riggar til spennande konkurranse for dei små i Toyotatrekket
*12:30 - Raskaste kidden i Dalen* Full fart i Toyotatrekket
*14:00 - Slopestyle* Klarar du å snurre rundt medan du heng opp ned i lufta medan du tek på skia/ snøbrettet ditt? Då er dette konkurransen for deg!
*HEILE DAGEN:*
*FSF hopp* Me bygger eige Fjellsporthopp for dei minste i Toyotatrekket
*Klistremerker* Lyst på kule Fjellsportklistremerkjer på ski, Stavar, hjelm, mobilen eller anna? kom innom me har med plenty!
*Gledespatrulje* Gledespatruljen har lovt å stille med Saft, god stemning og nye sprell.
*Tur-bingo* Me lagar spørsmålsløype, klarar du å svare på alle? Etter ei draumehelg med mykje fersk laussnø og strålande ver, er det vanskeleg å sjå føre seg at skisesongen snart er ferdig i Hodlekve. Det nærmar seg mai og sesongavslutning og det ønskjer vi i Fjellsportfestivalen å markere med ei heidundrande avslutning i Rindabotn. Det vert konkurransar for både store og små og aktivitetar gjennom heile dagen. Ikkje legg vekk skia heilt endå og bli med oss på:
TRAST TAOA I HODLEKVE