BLI MED PÅ HOPPSØNDAG I SOGNDAL SKISENTER - RINDABOTN!
Sogn og Fjordane Skikrins i samarbeid med Sogndal Skisenter inviterer til SFEhopp Cup søndag 25. april - eit rekrutteringsarrangement der ein kan få prøve hopp i liten hoppbakke.
- Her blir det mogleg å få låne hoppski og teste desse i liten hoppbakke.
- Ein får instruksjon av flotte og dyktige trenarar.
- Ta med deg langrennsko som passar til NNN/Rottefella-binding.
- Deltakarpremie til alle.
Påmelding/utlevering av ski frå kl 12.00 i barnebakken. Hoppaktiviteten startar kl 13.00.