MOT i bakken!!
MOT og Sogndal kommune si ungdomsavdeling arrangerer Big Jump konkurranse i Rindabotn.
Sogndal idrettslag feirar 95 år med skileik i barnetrekket.
SGN har skidemo.
Musikk og god stemning i bakken!
Hoppet er det store som allereie er bygd nesten i botn av hovudbakken i Rindabotn.
Om MOT Big Jump:
MOT Sogndal og ungdomsavdelinga i Sogndal kommune med vener arrangerer Big Jump konkurranse laurdag 20.februar.
Her er det berre å møte opp til ein heidunrandes dag med musikk og luftige svev.
Konkurransen er lagt opp med to hopp, valfritt kva ein vil hoppe på. Eit stort og eit lite.
Klasseinndeling:
Damer, herrer, snowboard og ski. Konkurransen er best eigna frå 13 år og oppover, ein bør ha litt skikunnskap. Premiering til dei 3 beste i sin klasse!
Konkurransestart er kl 13.00 oppmøte ved “MOT-telte”t i Rindabotn
Påmelding til tonje@hodlekve.no påmeldingsavgift kr 50 vipps 640462