Uværet Aina
Uværet Aina har gitt oss utfordringar i Hodlekve. I dag fredag måtte me diverre stenge Rindabotntrekket. I følge vår lokale meteriolog vil det bli noko mindre vind på toppen av Rindabotn i morgon. Me kryssar derfor fingrar og satsar på at me kan halde ope alle trekk i morgon og sundag. Hodlekvetrekket og barnetrekket ligg meir i ly og toler også meir vind enn T-krokane. Nettbuss kjem ikkje til å kjøre laussnøbuss langs rv 5 denne helga. Det er meldt bra med snø, så dette kan bli bra !