Ungdomslaurdagen vart kanonbra !
Skrevet av Guest User
SGN skis arrangerte laurdag ei frikøyringssamling for ungdom. Dei hadde plass til 14 stk og var fulteikna for lenge sidan. Dagen i dag var kanskje ikkje den beste for frikøyring, men med super lokalkjende instruktørar som Torgeir Sværen Henjum, Marit Rolvsjord og Ivar Løvik, er det svært vanskelig for mukje snøkrystall å gøyme seg. Dei finn dei! Berre sjå på desse bileta frå dagen i dag, og i morgon blir det meir snø ! Foto: Bård Basberg