Vintermagiske Sogndal !

HØGEHAUG: Den mest populære fjellskituren i Sogn. Perfekt for naturelskaren 4,5 km kvar veg, gjev høveleg trening for kropp og balsam for sinn.

Velkomen til vinter i Sogn.

Leitar du etter gode snøforhold med nypreppa alpinløyper, herlege langrennsspor eller trakka løyper høgt til fjells?

Då er du komen til rett plass.

Då skal du være her hjå oss, i Sogndal Skisenter Hodlekve.

ME HAR OPENT KVAR EINASTE DAG FRAM TIL 1. MAI

Draum: I fjøyrlett dunsnø. Heisbasert frikøyring kring Rindabotn og Hodlekve.





Den minnerike turen.

Sogndal Skisenter ligg solvendt til, gode naturgjevne forhold. Kom og leik med oss!







“ Her  i Sogndal Skisenter Hodlekve er det full vinter. Her har me snø, rikeleg med snø” 



SNØ NOK TIL ALLE

Drøymer du deg vekk til ein god gamaldags tradisjonsrik vinter med mykje herleg snø?

Kvar blir den snørike vinteren av spør du deg sjølv, eller kanskje er det borna som spør og grev.

Då kan du med tryggheit svara, i Sogndalsdalen, for der er det alltid snø. Me som bur her veit det, og me som bur her ynskjer og syna deg nettopp dette.

Når nedbøren vintersdagen kjem som regn andre stader, kjem den oftast som snø i Sogndal Skisenter Hodlekve. Også denne vinteren me har i år.

– Vinteren so langt har lete vente på seg mange stader, han kom seint også til oss. Men no er han her i aller høgste grad . Me har open kvar dag fram til 1. mai. I vekedagar er det hovedtrekket vårt som heiter Holentrekket som går, saman med Toyota-barnetrekk. Barnetrekket ligg sentralt plassert i Rindabotn, og ein har i tillegg full oversikt over borna, anten frå rasteborda eller kafévindauget i Dalalåven. Me har hatt vaksne som sit å arbeidar frå PC og WIFI i kaféen, medan borna leikar i bakken. Så ein kan få gjort fleire ting på ein dag, litt jobb, litt ski, mykje leik. Noko for alle. Fortel driftsleiar Kim Andre Navarsete.


GrønLøype startar på toppen av Holentrekket. Langt, slakt og enkelt. Lågterskel er stikkordet.

SKI FOR ALLE I GRØN LØYPE

Eit nytt familietilbod i høgfjellet opnar opp for at endå fleire skal få oppleva skigleda.

Det har aldri vore lettare og stå på ski hjå oss. No med ny lågterskel løype i høgfjellet.

Når ein har meistra skikøyringa i Toyota-barnetrekk så er det eit neste steg opp. Meistringsfølelse og skiglede hand i hand.

– Me har fått på plass ein ny familievenleg GrønLøype. Dette er ei slak, fin og enkel alpinløype med ein snitthelling på 10%. Den er over 3 kilometer lang, så her får ein mykje skikøyring pr. tur.

Dette er den perfekte løypa for familiar og andre som ynskjer å ta det litt roleg, utan å må tenke på at der er bratte parti. Me ser allereie no at dette er ein vinnar blant barnefamiliane.

Kombinerer ein det i helgane, saman med Boligpartnertrekket i Kalvavatni, så har ein den ultimate skileiken for heile familien, fortset Navarsete.




PANORAMATURANE

Boligpartnertrekket er eit anna tilbod som byr inn til flott utsikt og skikøyring. Her har du panoramautsikt mot Hurrungane og austover. Utsikta er vesentleg fordi ein får god tid til å nyte den i desse slake fine løypene.

– Alle dei slake flotte nedfartane fra Boligpartnertrekket er familievinnarar i seg sjølve. Utsikta er ein enorm bonus, og kombinasjonane er mange. På ski i høgda eller lågare nede ein bestemmer sjølv. Her er det fritt og open og god plass.


Magnus Uglum Krogstad finn du ofte opp ned ein eller annan plass. Førre året hadde han desidert flest skidagar hjå oss. Her er han på veg ned frå Holentrekket, 5 meter frå hovudløypa.

Andrine S. Øvstetun (10) ser ein også ofte over alt. Ho nyttar kvar ei ledig stund til å stå på ski.

VELKOMEN INNANDØRS

Rindabotn er det nye senteret i Sogndal Skisenter Hodlekve. Her finn du Dalalåven som er skisenteret sitt servicesenter, og Sogndalsdalen si storstove. Her finn ein en stor kafé, med dagens rettar, WIFI, stellerom, og eige leikerom for born. Her finn ein også Intersport Sogndal sin butikk kor ein kan leige ymse skiutstyr, handle litt sportstutstyr og kjøpe skipass. I “koronavinteren” anbefaler me at ein kjøper skipass online på skisenteret sine nettsider, for å redusera trafikken litt.

Høgehaug ein stille og klår ettermiddag. Andre Mo Dalatun nyt siste minuttane av sola. Frå Høgehaug er det slakt og fint 4,5 km. ned att til Rindabotn.

LANGRENN OG TURSKI

Me preparerer dagleg langrennsløypene våre som buktar seg inn mellom fjellbjørker og over myrar. Me har ei 5 kilometer lang lysløpe, og ei 10 kilometer lang rundløype.

Langrennstilhøva er ofte gode hjå oss, folk reiser langt for å trene her hjå oss. Følg gjerne med på skisporet.no når det er nypreppa.

Ynskjer ein seg litt vekk fra desse løypene så er fjelløypa til Høgehaug ein sikker vinnar blant lokale. Det er ikkje meir enn 4,5 kilometer kvar veg, så mange Sogndøler nyttar dette som “turen sin” etter jobb i vekedagar.

Solnedgangen er magisk fra Høgehaug, berre spør dei so har vore der!

–Høgehaug har alltid vore populært hjå Sogndøler. Me byrjar alltid med å legge scooterspor opp, så køyrer me opp med tråkkemaskin når det er blitt snøforhold til det. Det er nesten slik at uansett når me køyrer opp løype der så møter me folk. Høgehaug er utruleg fint og utruleg populært seier trakkemaskinsjåfør Sondre Hallandvik.

Ein magisk tur med hundespann. Dei er like snille som dei er spreke. Hundane til Fjord Husky elskar å springe. Bli med på ein “bucketlist” tur då vel.


ALTERNATIV TIL SKILEIK

Skileik og moro i Hodlekve.

Vil borna ha eit lite avbrekk fra skikøyringa, så er Malin-akebakke blitt veldig populært. Dette er eit eige område dedikert aking. Ein har også eit eige avskjerma område i umiddelbar nærleik til rasteborda utanfor Dalalåven som er blitt ein flott leikeplass. Her er det byggeklosser, humpedisser og anna moro.

Akekonkurranse. Eit av fleire aktivitetstilbod som kan dukke opp i helgane. Men ake kan ein også gjera kvar dag ellers i Malin-Akebakke.

Det er også her ein finn dei tilrettelagde aktivitetane me har fast kvar helg gjennom heile vinteren.

Sjekk gjerne aktivitetskalenderen vår før du kjem så veit du kva deg og dine kan bli med på.

Aktivitetskalenderen finn du her: AKTIVITETSKALENDER








Rolfhytta eit populært valg. Book den her: ROLFHYTTA

BU GODT LEV GODT

Hjå oss kan du bu godt, so lenge du berre vil. Me har fleire store flotte hytter og leiligheiter for utleige. Ski in/out kallar dei det vist, det har har me her hjå oss også sjølvsagt.

Ei oversikt over kva som er til utleige finn du her: AIRBNB

Ynskjer du å ta det heile eit steg lenger, vil du bli ein av oss så er Sogndal Fjellandsby ein spennande hyttelandsby som veks seg større for kvart år. Nye flotte hytter sprett opp og det vert stadig fleire Hodlekveianarar å sjå heile året. Avtal gjerne visning og les meir her: SOGNDAL FJELLANDSBY

2021: Januar er også i år ein kvit månad i Sogndal Skisenter Hodlekve. Slik har me det.


“At me har mykje natursnø. Det ser me på som eit kvalitetsstempel.  Noko som tilseier at me også har mykje snø i terrenget utanfor preparerte løyper. Så er du av dei som likar deg utanfor løypene, fjellturar, topptur, laussnøkøyring så er er mykje å ta av for alle.

Valet er ditt, gjerne frå øvste hylle.

Så kven er me.

Me er Sogndal Skisenter Hodlekve, eit familievenleg skianlegg i Sogndalsdalen, Sogndal kommune.

Me har 7 preparerte nedfartar, me har 5 skitrekk, 3 av dei tilpassa lågterskel og born. Me har kilometervis med fjelløyper og flotte langrennsspor, i bjørkeskogen har me lysløyper. Lette tilgjengelege toppturar med nedkøyring i alle himmelretningar.  Me har totalt 173 disponible senger i hyttene som utgjer Sogndal Fjellandsby, dei fleste med ski in/out. 

Me har skiutleige, skiinstruktørar, guidar, kafé. leikerom og me har sjølvsagt plass til deg. Det er gode ti minutt til Sogndal sentrum, om ein treng handle eller ynskjer å ete ute på restaurantar, kino, eller innandørsklatring i Sognahallen. Bygdebyen Sogndal har det meste.

Bluebird: Dei beste dagane skapar ein sjølv.

Holentrekket er T-kroktrekket som tek deg opp i Høgfjellet. Her har ein mulegheit til å køyre preparert løyper eller ta seg ut i terrenget. Hurrungane ser du godt frå toppen her. Heisbasert frikøyring er undervurdert, den beste finn ein her i Sogndal etter eit realt snødump. Ofte når det er best snøforhold er det også kvitt i lufta. “Whiteout” er eit kjendt fenomen mange stader, som øydelegg sikta for dei beste linjene. Men ikkje i så stor skala hjå oss. Djupe dagar på puter mellom fjellbjørker som referansepunkt, opnar opp for knall skikøyring sjølv om det er overskya, i verdsklasse . Ein må ikkje gløyme den perfekt preparerte løypa med ei snittbreidd på 45 meter Ein tek også Holentrekket for å komme bort i Boligpartnertrekket. Frå toppen av Holentrekket kan du også køyre GrønLøype, den familievenlege skiløypa har ei snitthelling på 10% og ein køyrer slakt og fint heilt ned, utan å måtte engste seg for bratte parti.

Kveldskøyring: Kvar tirsdag, torsdag og fredag. I Hodlekvetrekket. Følg med på heimesider og Facebook når me opnar opp for kveldskøyring denne sesongen.


Boligparntertrekket er T-kroktrekket som er blitt den store familiefavoritten i høgfjellet. Dei 3 løypene ned er perfekt for barnefamiliar der borna liksom har vakse seg ut av barnetrekket. Hellinga i bakkane er ikkje for bratt og ein har fin utsikt. Og fleire nedfartsmulegheiter. Påstigninga til dette trekket når ein via Holentrekket.







Markus er ein av våre lokale pokalar. Han har vakse seg ut av Toyotatrekket allereie som 4-åring. Slå den du.

Toyotatrekket er barnetrekket i Rindabotn. Det er her dei små lærer sine første svingar. Det er nok også her meistringsgleda er størst, sjølv om bakken er minst. Det er her ny kjærleik til ski og skiglede blir skapt. Trekket ligg i umiddelbar nærleik til Dalalåven. Der finn ein leikerom, kafé slik er det meget kort veg til ei fortent pause. Ein fortent kakao og ei vafle eller dagens kortreiste utvalde frå Ellevilt AS


Hodlekvetrekket er det legendariske pomatrekket frå 1981. Det var her det heile starta for oss på 70 talet. Pomaheisen går traust kvar ein vinter, den er i år 40 år. Standhaftig står den der og dreg oss opp tur etter tur. Ingen har lagt so mykje til rette for rein og pur skiglede som gode gamle “pomaen”.

Hodlekve-barnetrekk ligg vis á vis Hodlekvetrekket, dette er den gamle barnebakken vår men den er alikavel i full drift den dag i dag. Her har mang ein barnefot tatt dei første stega til å bli ein ekte laussnøhund. .


POW: Pudder, powder, laussnø, dunsnø, villsnø. Kjært barn har mange navn. Verdas beste skogskøyring finn ein ned Kokstadskogen mot Fjærlandsvegen ( Foto: Terje V. Høihjelle)

Utsikt til innsikt: Gjennom glissen bjørkeskog går skiløypa opp til Høgehaug og snaufjellet. Ein av dei lette og trygge fjellturane. Perfekt for fjellski. Nypreppa kvar laurdags morgon når véret tillet det. Herleg.

Langrennsløypene våre preparerer me dagleg så lenge me har snø. Gjerne frå november til mai,

I helgar køyrer me også opp fjelløyper, 4,5 km kvar veg, til Høgehaug. Seinare på vinteren også vidare til Fjærlandsete og Sumhaug, dette er den ultimate fjellturen på ski. Her får du alt på eit gullfat.

Kvar finn eg alt dette tenkjer du:

Viste du at frå Bergen til Sogndal tek det berre 35 minutt med fly, frå Haukåsen flyplass tek det 30 minutt å køyre til Hodlekve. Som Bergensar så rundar ein i fin stil dette ned til ein time frå Flesland til laussnøhovudstaden Hodlekve.

Frå Førde, ein time og eit kvarter.

Frå Florø, to timar

Frå Bergen, fire timar anten ein køyrer Vikafjellet eller via Lærdal. Har ein litt betre tid kan ein køyre via Høyanger eller Førde. 

Eller du, kva med å sitte komfortabelt ombord i ekspressbåten til Norled inn Sognefjorden. Her kan du ta med deg kontoret ombord. Slå to fluer i ein smekk 

Ynskjer du å leige hytte så finn du meir om det her: HODLEKVE

Eller kva med den flunk nye Hodlekve Panorama 5? Den finn du her: PANORAMA 5

Ynskjer du å eige hytte, så byrjar draumen her: SOGNDAL FJELLANDSBY


Skisenteret har opent kvar dag fram til 1. mai. I vekedagar er det kun Toyotatrekket og Holentrekket som går. Men i vinter- og påskeferie samt i helgane går dei tre andre skitrekka i senteret også. Så framt det er forhold til det.

POPPIS: Olafen er populær i barnebakkane. Toyotatrekket er der du møter han som oftast.

SISTE TUREN: Det er perfekt, i slutten av januar, bikkar sola bak kanten i det trekket stenker. Magi.

Bu godt i Rolfhytta

KONTOR: Ikkje noko å sei på kontoret til trakkemaskinsjåførane våre.

Her bur me

DETTE VIL DU BIL MED PÅ! Book ein uforgløymeleg tur med Fjord Husky her: FJORDHUSKY

Forrige
Forrige

Alpinistane i Toyotatrekket

Neste
Neste

SSF CUP Koronainformasjon