Tenk om regnet kom som snø. 

Fjelløypa til Høgehaug: Ein heilt vanleg suveren ettermiddag. Rein luksus, leikande lett.

I Sogndal Skisenter Hodlekve gjer det akkurat det.

Regnet kjem som snø.

Draum: I fjøyrlett dunsnø. Heisbasert frikøyring kring Rindabotn og Hodlekve.

Er du lei av den evigvarande sure og våte hausten, ein haust som aldri gjev plass til vinteren?  Ser ein på datoen skulle ein ikkje tru det, grøne plenar og gulbrune bøar.

“ Her  i Sogndal Skisenter Hodlekve er det full vinter. Her har me snø, rikeleg med snø” 

Snø nok til alle, snø nok til deg.

Drøymer du deg vekk til ein god gamaldags tradisjonsrik vinter med mykje herleg snø?

Kvar blir vinteren av spør du deg sjølv, eller kanskje er det borna som spør og grev.

Då kan du med tryggheit svara, I Hodlekve, for der er det alltid snø

Når nedbøren vintersdagen kjem som regn andre stader, kjem den oftast som snø i Sogndal Skisenter Hodlekve. Også denne vinteren me er midt oppi no.

– Vinteren so langt har vore varmare enn normalt her sør i Noreg.  Resultatet er at mange må sjå lenger etter snøen, men ein treng ikkje sjå så veldig langt. Hodlekve er eit av dei absolutt mest snøsikre skianlegga i landet. Hodlekve er no eit av få anlegg på vestlandet som held alt åpent, og det kun på natursnø. Så her er det full vintert og plenty med snø, fortel driftsleiar Kim Andre Navarsete.

2020: Januar er også i år ein kvit månad i Sogndal Skisenter Hodlekve. Slik har me det no.


“At me har mykje natursnø. Det ser me på som eit kvalitetsstempel.  Noko som tilseier at me også har mykje snø i terrenget utanfor preparerte løyper. Så er du av dei som likar deg utanfor løypene, fjellturar, topptur, laussnøkøyring så er er mykje å ta av for alle.

Valet er ditt, frå øvste hylle.

Så kven er me.

Me er Sogndal Skisenter Hodlekve, eit familievenleg skianlegg i Sogndalsdalen.

Me har 6 preparerte nedfartar, me har 5 skitrekk, to av dei tilpassa lågterskel og born. Me har kilometervis med fjelløyper og flotte langrennsspor, i bjørkeskogen har me lysløyper. Lette tilgjengelege toppturar med nedkøyring i alle himmelretningar.  Me har totalt 173 disponible senger i hyttene som utgjer Sogndal Fjellandsby, dei fleste med ski in/out. 

Me har skiutleige, skiinstruktørar, guidar, kafé. leikerom og me har sjølvsagt plass til deg. Det er gode ti minutt til Sogndal sentrum, om ein treng handle eller ynskjer å ete ute på restaurantar, kino, eller innandørsklatring i Sognahallen. Bygdebyen Sogndal har det meste.

Bluebird: Dei beste dagane skapar ein sjølv.

Holentrekket er T-kroktrekket som tek deg opp i Høgfjellet. Her har ein mulegheit til å køyre preparert løyper eller ta seg ut i terrenget. Heisbasert frikøyring er undervurdert, den beste  finn ein her i Sogndal etter eit realt snødump. Ofte når det er best snøforhold er det også kvitt i lufta. “Whiteout” er eit kjendt fenomen mange stader, som øydelegg sikta for dei beste linjene.

Men ikkje i så stor skala hjå oss. Djupe dagar på puter mellom fjellbjørker som referansepunkt, opnar opp for knall skikøyring sjølv om det er overskya. Ein må ikkje gløyme den perfekt preparerte løypa med ei snittbreidd på 45 meter Ein tek også Holentrekket for å komme opp i Kalvavatnitrekket.

Kveldskøyring: Kvar tirsdag, torsdag og fredag. I Hodlekvetrekket.

Kalvavatnitrekket er T-kroktrekket som er blitt den store familiefavoritten. Dei to løypene ned er perfekt for barnefamiliar der borna liksom har vakse seg ut av barnetrekket. Hellinga i bakkane er ikkje for bratt og ein har fin utsikt. Og fleire nedfartsmulegheiter.

Toyotatrekket er barnetrekket i Rindabotn. Det er her dei små lærer sine første svingar. Det er nok også her meistringsgleda er størst, sjølv om bakken er minst. Det er her ny kjærleik til ski og skiglede blir skapt. Trekket ligg i umiddelbar nærleik til Dalalåven. Der finn ein leikerom, kafé slik er det meget kort veg til ei fortent pause. Ein fortent kakao og ei vafle eller dagens kortreiste utvalde frå Haugen Gardsmat.

Hodlekvetrekket er pomatrekket. Det var her det heile starta for oss på 70 talet. Pomaheisen går traust kvar ein vinter, den blir snart 40 år. Standhaftig står den der og dreg oss opp tur etter tur. Ingen har lagt so mykje til rette for rein og pur skiglede som gode gamle“pomaen”.

Hodlekvebarnetrekk ligg vis á vis Hodlekvetrekket, dette er den gamle barnebakken vår men den er alikavel i full drift den dag i dag. Her har mang ein barnefot tatt dei første stega til å bli ein ekte laussnøhund. I Hodlekvetrekka finn ein også kveldskøyringa. Tre dagar i veka frå kl. 18-21. Tirsdag, torsdag og fredag.

Regn: Samtidig dette biletet vart teke så regna det “trollkjeringar” i vest. ( Foto: Terje V. Høihjelle)


“Her i Hodlekve har det snøa jamnleg i heile vinter, og me har denne sesongen hatt opent sidan midten av desember.” 

 

Utsikt til innsikt: Gjennom glissen bjørkeskog går skiløypa opp til Høgehaug og snaufjellet. Ein av dei lette og trygge fjellturane. Perfekt for fjellski. Nypreppa kvar laurdags morgon når véret tillet det. Herleg.

Langrennsløypene våre preparerer me dagleg så lenge me har snø. Gjerne frå november til mai,

I helgar køyrer me også opp fjelløyper, over 6 km kvar veg, til Høgehaug. Seinare på vinteren også vidare til Fjærlandsete og Sumhaug, dette er den ultimate fjellturen på ski.

Kvar finn eg alt dette tenkjer du:

Viste du at frå Bergen til Sogndal tek det berre 35 minutt med fly, frå Haukåsen flyplass tek det 30 minutt å køyre til Hodlekve. Som Bergensar så rundar ein i fin stil dette ned til ein time frå Flesland til laussnøhovudstaden Hodlekve.

Frå Førde, ein time og eit kvarter.

Frå Florø, to timar

Frå Bergen, fire timar anten ein køyrer Vikafjellet eller via Lærdal. Har ein litt betre tid kan ein køyre via Høyanger eller Førde. 

Eller du, kva med å sitte komfortabelt ombord i ekspressbåten til Norled inn Sognefjorden. Her kan du ta med deg kontoret ombord. Slå to fluer i ein smekk 

Ynskjer du å leige hytte så finn du meir om det her: HODLEKVE

Ynskjer du å eige hytte, så byrjar draumen her: DRAUMEHYTTA


Skisenteret har opent onsdag til søndag. Men i vinterferievekene og påskeferien er det opent kvar dag. 

POPPIS: Olafen er populær i barnebakkane. Toyotatrekket er der du møter han som oftast.

SISTE TUREN: Det er perfekt, i slutten av januar, bikkar sola bak kanten i det trekket stenker. Magi.

KONTOR: Ikkje noko å sei på kontoret til trakkemaskinsjåførane våre.

Her bur me

Forrige
Forrige

Velkommen til ei helg full av aktivitetar for dei små og dei som er litt større !

Neste
Neste

1 grad på toppen