SYKKELUTLEIGE I HODLEKVE!

Me startar opp sykkelutleige i Dalalåven.

Sykkelutleige

-ein premisseleverandør på tilrettelagt sykling i Sogndal.

Sogndal Skisenter Hodlekve er ikkje lenger berre eit skisenter.

Hodlekve og Rindabotn, er på god veg til å bli ein heilårs-destinasjon.  


el-syklar

Elsykkelen er i vinden, butikkar melder om utselde lager. Med elsykkel får ein like mykje trening som ein vanleg sykkel, berre med mykje lenger radius. Me har fleire modellar (også den på biletet) for utleige i Dalalåven denne sommaren.

Prisliste: Prisar





Eit av dei viktige satsingane våre og det som får mest fokus, er tilrettelegging for aktiv ferie og fritid. 



Fra og med søndag 20. juni vert de mulegheiter for å leige trøsyklar i mange kategoriar hjå oss, i Dalalåven. 


Barnesyklar, terreng- og stisyklar, elsyklar, sykkelvogn og sjølvsagt hjelmar. Totalt 14 syklar i første omgang. 

Utleige vert basert på dagsutleige. Rimelegaste startar på kr. 300,- pr. dag.





I Dalalåven vert det opent kvar dag frå 11- 17 i perioden 20.juni til 15. august. 

Kaféen er open og serverer både Dalaburgar med lokal plomegris, suppe og anna lett sommarmat.  Og du kan leige syklar der.





Stinettverket vårt for vandring, har også blitt veldig mykje meir utbetra, me gler oss til å presentere nokre flotte nye rundturar du kan gjer i merka løyper.





Men tilbake til sykling. 

Rett ved sidan av Dalalåven vil me på seinsommaren starte opp arbeidet med å lage ein av dei største asfalterte pumptracks i området.  Hjå oss kan du leige syklar tilpassa pumptrack eller stiar, skogsvegar . Me vil i løpet av kort tid presenter utvalet me har, og vonar at om du er ny og nyfiken eller ein gamal travar på sykkelsetet, finn ein sykkel som høver.





Me samarbeider med Rekkje som utviklar masterplanen for sykkelaktivitet og løyper i kring Hodlekve og Rindabotn. Sykkel og vandring står som hovudsatsingsområder hjå oss i sommar- og haustsesongen.  Me er ikkje ferdig med steg ein i vår sykkelsatsing endå. Nordbohus sykkelpark er allereie ein suksess. No kjem pumtrack, og snart kjem det både flytstiar og turstiar. Det er berre å glede seg, det er hjå oss du skal ha det moro, det er hjå oss du skal trivast.


Prisar finn du her: PRIS





Vel møtt til aktive dagar hjå oss, anten med tursko eller på sykkelsetet.



Flytsti for heile familien. Om lag 1 km lang sykkelsti er allereie på plass og godt brukt i Rindabotn. Den populære stien får snart endå fleire stiar og ikkje minst ein pumptrack, som næraste nabo.





Forrige
Forrige

– Sogndalsdalen har alt

Neste
Neste

Der Auren vakar