Andre omgang i snørik kamp
Laussnø og fotball hand i hand
Her om dagen prata eg med ein fotballkar, busett nede i Sogndalsfjøra. Han skjønte lite av dette ståket med pudderalarmar, laussnøekspress, dunsnø, laussnø, villsnø og høgfjellsløyper.
For å forklare han skikkeleg måtte eg prøve meg på og blanda i med litt fotballterminologi
Me er godt i gang med vinterferivekene, Hodlekve har opent kvar dag til og med 1. mars. Etter den tid er me tilbake i normaldrift med opent onsdag - søndag. Før og etter vinterferien kan sjåast på som første og andre omgang i ein fotballkamp. Dette var han einig i også, før og etter.
Det har vore nokre snørike dagar hjå oss i Sogndal Skisenter
No er snømengda godt over høgda på eit standard fotballmål (244cm).
Berre på den siste veka har me fått halvannan meter med nysnø, det ser ikkje ut til å stoppe heilt endå. Spesielt i øvre del av anlegget, nokre stader er det over 3 meter snø ute i terrenget. Med jamnlege påfyll av nysnø så blir det djupt. Veldig djupt.
Spesielt i skogane våre, der kan ein oftast køyra på ski sjølv om det er tjukk skodde, sterk vind og kvitt i fjellet. Skogen ned mot riksvegen ligg beskytta nede i fjellsida. Dei flotte fjellbjørkene der hjelper til med å halde snøen på plass, slik ligg den lenge laus og fin utan å bli pakka og herja med av vinden.
Tenk deg at du står på Fosshaugane i den suraste dalatrekken, så kjem du inn å får deg ei pølsa i pausen. Der inne er som i skogen til forskjell, når ein snakkar om vind og trekk. Han heng med, dalatrekk og lunt.
Skogane “våre” er kjendt langt utanfor norske landegrenser
Ein finn rett og slett ikkje betre og meir makalaus laussnøkøyring, eller skogskøyring som me kallar det, enn her i Hodlekve og ikkje så veldig mange andre stader i verda. Når snøforholda er på sitt beste. Kvifor spør han.
Lagspelelet er viktig.
Har ein god flyt og alt stemmer, so når ein langt. Over lang nok tid blir ein då best. Slik er det med eit fotballag også. Gode sesongar, treningsmengd, lagspel, individualisme. Samspelet gjer ein betre. Samspelet i fjellet er nedbør, temperatur og lokale geografiske forhold. No er hin veldig med på kva me pratar om.
Eg føyer til at, etter at me fekk Kalvavatnitrekket, og ein kombinerer dette med laussnøekspressen som plukkar opp skikøyrarar i busslommer nede ved riksvegen. Så blir dette heisbussbasert laussnøkøyring ( i byadn seier dei pudder).
Dei tenkjer nok ikkje på fotball i det heile desverre, når dei kjem susande ned Kokstadlia i ein fart dobbelt so kjapt som spurtane til Erling Braut Haaland. Til felles er det at dei fossar fram.
Me har det også bratt i lag, fotballfolket og skifolket
Nokre av dei brattaste fotballtribunene i verda er rundt 34-35 grader bratt. Det kan fort være snittet på bratta borte i skogen ned mot Kokstad. 34 grader bratt er også 4 grader brattare enn kva som skal til for at det kan utløysast snøskred. Snøskreda treng 30 grader og brattare for å få opp farten, dei kan vera livsfarlege. Me talar same språk, og hin han er einig at 35 grader er meir enn bratt nok.
Offside
Ein annan ting skikøyrarar og fotballfolket har til felles, er offsideregelen. Når det snøar og bles som verst og ein har kjappe temperaturendringar i fjellet, blir det ofte ein høg snøskredfaregrad. Under slike omstender, skal ein blåse for offside den dagen, og ikkje rote seg bort i skredterreng. Heile spelet stoggar opp til ei bles det i gang att. I fjellet er det naturen som er dommar, på fotballbana er det mannen i svart.
Om ein kranglar på reglane så har ein i fotballen VAR dømming, i skiverda har ein VARSOM.NO, det er mykje det samme. Stikkordet er informasjon og dokumenterte forhold. Dette er enkel forståing for alle med og utan ball. Me to som pratar er heilt på linje i alle fall.
Kondis blant dei beste
Fjelløypa med start i skisenteret, er ein fager fjelltur på ski. Tek ein runda rundt det heile så gjer det godt for kropp og sjel. Turen går oftast frå Rindabotn, Ryssete over Fagreggje og Fjærlandsete til Sumhaug, slakt opp til Høgehaug og retur til Rindabotn. Turen kan også gjerast omvendt sjølvsagt. For folk som forstår seg på natur, så er dette ein fantastisk fin fjelltur på ski. Når trakkemaskinene har preparert løypa er der berre fryd og gammen.
Løypa er om lag halvannan mil lang, det er om lag det same som nokre av dei beste fotballspelarane i verda spring under ein fotballkamp. Men i fjelløypa har ein endå fleire høgdemeter å ta omsyn til. Der er det nok ein forskjell, om ikkje garderoben til spelarane ligg fleire hundre meter over eller under bana.
Det blir jo også som å sjå på terminlista når er neste kamp, når er det preppa til Høgehaug eller rundt Fjærlandsete, skifolket nyttar her www.skisporet.no samt legg opp turen etter å ha sjekka varsom.no og yr. Informasjonsflyt er viktig både i fotball og skiverda, noko me er samde om.
Ein felles konklusjon
Ofte når ein reiser vekk på fotballkamp treng ein overnatting. Det er det mange som gjer også i Hodlekve. Det er fortsatt nokre ledige hytter utover vinteren for dei som ynskjer å ta del i vinter- og skigleda i Hodlekve.
Det er hjå oss i Hodlekve du finn den gode gamle vinterfølelsen, med mykje snø og flotte dagar på ski. Samme som fotballfolket finn godfølelsen framfor ein skjerm eller på ei tribune.
Det er den felles gleda ein har over noko. Det engasjerte, praten, planlegginga. Dei gode diskusjonane om føre eller baneforhold.
Er snøen god, er laget i form. Me diggar jo dette. Dette er entusiasmen. Dette er av det positive som driv oss, som gjer dagane, livet og samfunnet til eit mykje betre eventyr for oss som tek del i det. Hin er fullstendig einig i alt.
“Me er jo ein og same familie. Eg skjønar godt kva som skjer fram i Hodlekve. Det seier seg sjølv dette”
Klar
Mykje har felle på plass no. Han har lova å ta turen fram i Hodlekve, han skjønnar litt meir no. Om han vel å kaste seg utfor i botnlaust dunsnø ned mot Fjærlandsvegen, vandre smilande rundt Fjærlandsete, eller kanskje nyte ein vårsoldag opp til Blåfjellet. Blir opp til han sjølv. Eg blir med han og me skal prate om både fotball, ski eller det eine og hitt. Den beste praten kjem uansett i godt lag.
STAO NO POW!
PS: Minner om vår eigen vetle “fotballpub” Dalalåven. Staden der skifolket tek ein rast i Rindabotn. Den er open når skisenteret er. Og det er lov å prate både fotball og det meste andre. Servering er der også.
Pubkveld i Dalalåven fredag 28. februar og Tacoaften samt pubkveld den 29 - februrar
Laurdag 7. mars inviterer Holen Installasjon til open pubkveld og fest i Dalalåven.
Ivory spelar opp til god gamal bygdadans. 18 års aldersgrense. Fri inngang.
Følg oss eller ditt favorittlag gjerne på Facebook og Instagram, for fortløpande oppdateringar.
Håvard