Sjefen over alle sjefar

Kim André Navarsete, eller Kimmy’en som dei fleste kjenner han som, er tilsett som dagleg leiar ved Sogndal Skisenter.

– Eg gler meg til å utvikla skisenteret vårt vidare, seier han.

Smilet og det gode humøret er på plass som vanleg. Driftssjefen bytte første helga i advent tittel til dagleg leiar, men  han trur ikkje oppgåvene vert så veldig mykje annleis.

- Det vert berre meir å gjera, men det er slik det må vera. Det er lite hyttebygging for tida og stramme økonomiske tider, seier Kim.

- Så det vert ikkje dress på jobben heretter?

- Jau, kjeledress, flirer han.

Over heile landet er det så godt som bom stopp for hyttebygging i fjellet. Høg rente og mindre kjøpekraft er årsaka. For Sogndal Skisenter er det ikkje noko krise at dette skjer samstundes med at ein ventar på at Sogndal kommune skal vedta ny arealplan for Hodlekve-området, slik at det kan regulerast og leggjast til rette for meir bygging av ulike typar bueiningar. Det er inntektene frå tomtesalet som gjer at det kan byggjast nye heisar, lys- og snøproduksjonsanlegg, nye løypetrasear og alt skifolket har på ynskjelista si.

Kim har jobba ved skisenteret sidan 2013, då Poma’en, eller det som no heiter Neumann-trekket, og eit tautrekk under SIL-hytta var alt me hadde av skitrekk. Han har vore med på heile den rivande utviklinga sidan den gongen, som driftssjef dei siste åra.

- No har me inntekter frå heiskort, parkering og eit næringsliv som stør utruleg godt opp om skisenteret vårt. Med ope kvar dag heile vinteren, held desse inntektene til at drifta går i balanse. Men skal me gjera større investeringar, må me få fart att på tomtesalet, seier Kim.

Men om det ikkje vert bygt nye heisar og trasear denne sesongen, så lovar sjefen over alle sjefar utvikling likevel.

Denne veka fekk han hand om ei ny snøkanon, og med det er kapasiteten for snøproduksjon dobla. I Dalalåven kjem det ein ny og spennande meny, oppe i andre høgda skal det opnast skredsenter og undervisningslokale.

- Me har fått på plass ein utruleg bra stab til denne sesongen. Ute skal me gjera vårt aller beste for at langrennsløyper, alpintrasear, park og fjelløyper held god standard. Kvar helg skal me ha arrangement for dei yngste i Toyota-trekket, ein fin kombinasjon av læring og leik. Minst ei helg i månaden vert det dansetrim til musikk for vaksne i Dalalåven.

Men det er trimmen og aktivitetane ute som er aller viktigast ved Sogndal Skisenter. Dagleg leiar Kim Andre Navarsete, som fyller 38 år andre søndagen i advent, lovar ein kanon sesong.

- Ja, det vert ein kanon vinter i år! Berre vent! Snøen kjem til å lava ned, garantert, smiler Kim.

Neste
Neste

Fjellski-sesongen er offisielt i gong