Påskeprogram i Hodlekve.

I påska blir det liv og røre i Hodlekve! Hodlekve skal både vere ein møtplass for bygda, hyttefolket og tilreisande. Både born og store skal gle seg til å komme til Hodlekve! På dagtid blir det lagt til rette for aktivitetar i barneområdet i Rindabotn. Både organisert og uorganisert. Rødekors inviterer til grilling på Britabu på skjertorsdag, og Dalalåven skal vere møteplassen både på dag og kveldstid. Nokre dagar vil Olaven komme på vitjing i Toyotatrekket i Rindabotn.


Skitrekka går heile påska frå 10-16


Kveldsmeny i Dalalåven:

Heimelaga pizza kr 125,-

Dalaburger med pommes kr 185,-

Hamburger med pommes kr 160,-

Heimelaga Chilli Con Carne ; Voksen kr 160,- born kr. 80

 Du kan reservere bord på mob: 91925191


Laurdag 09. april - Aking i Malin Akebakke

Tonje har med seg ein grill og litt solstolar og akebrett til låns frå kl 12.00 til 14.00

Dalalåven har ope frå 10-18


Søndag 10. april - Skihopping

Skihopp med utlån av hoppski. Kl 12-14

Hoppmestaren Jon Ove Lomheim og Johannes Årdal kjem og vil lage til hopp i Toyotatrekket der du kan låne hoppski. Ta med deg langrennsko med NMT binding. Ikkje fjellski binding.

Dalalåven har ope frå 10-16


Måndag 11. april -

Me riggar uteområdet med alt me har av leiker, Olafen er invitert og har lova at han skal ta turen til Hodlekve i påska.

Dalalåven: Pizzakveld og bokpresentasjon kl 18.00

Me opnar dørene klokka 18.00 der du kan ta med venner og kosa deg med pizza. Klokka 20 vert det presentasjon av boka «Skredet - ein far, ei dotter og kampen for livet».

Forfattaren av boka, Bjørn Asle Nord, kjem til Dalalåven og fortel om boka som nyleg kom ut på Det norske Samlaget. 

Dette er historia om snøraset ved Haugastøl i 2017 der eit tysk turfølge blir fanga i snøen og Anita Lange, 23 år gammal, blir liggande i raset i over fire timar før ho blir funnen av ein redningshund. 

Bjørn Asle Nord kjem opprinneleg frå Nordfjordeid og har arbeidd med forteljande journalistikk i Bergens Tidende i mange år, no for NRK Vestland. I boka fylgjer han historie gjennom fleire spor og perspektiv - der han vektlegg det frivillige redningsarbeidet, og særleg tilhøvet mellom hunden og eigaren hans. Det er svært godt fortalt - og understrekar den ofte «ordlause» tryggheita beredskapen i lokalsamfunna våre kviler på - at vi hjelper kvarandre når det trengst - at ein kan stole på at nokon kjem og reddar deg når uhellet er ute.


Tysdag 12. april

Me riggar uteområdet med alt me har av leiker, Olafen er invitert og har lova at han skal ta turen til Hodlekve i påska.

Dalalåven har ope 10-16


Onsdag 13. april

 Me riggar uteområdet med alt me har av leiker, Olafen er invitert og har lova at han skal ta turen til Hodlekve i påska.

Dalalåven: Årebasar

Kl. 18 inviterer Basargeneral Ingolf Yttri tek med seg gode medhjelparar og årane frå Øyabrekka skule og byr inn til god, gamaldags basar i Dalalåven. Ta med deg familie, venner og godt med kontantar; her vert det eit gevinstbord du knapt har sett maken til. Det vert også høve til å kjøpa gjennomgangslodd får åresalet startar – og i kafeen er det både godt å bita i og drikke å leska seg på.

Dalalåven har denne dagen ope 10-22

 

Torsdag 14. april - Skjærtorsdag med grilling og konsert.

Dette er dagen for den årlege grillinga på Britabu rett ved Høgehaug. Dette er ein tradisjon som Sogndal Rødekors Hjelpekorps held i hevd. Me ynskjer dei lukke til med arrangementet.

Dalalåven: Konsert - Dag Skram med vener

Dag inviterer med seg nokre av sine musikalske vener og lagar god stemning. Her blir det både viser, pop og rock !

Dag Skram er ein av fleire i ein musikalsk familie. Denne kvelden får me kanskje sjå nokon av dei i aksjon. Sist Dag Skram med vener hadde konsert, i påska for to år sidan, stod brått både Tone og Eva på scena i lag: -) Me lovar ingen ting, men det er slike ting som kan skje hjå oss i påska.

Inngang kr 100,- ( maks 220 personar, billettsal frå kl 19.00 - møt opp tidleg ! )

Denne dagen har Dalalåven ope frå kl 10-24 (18-19 blir det soundsjekk for bandet)


Fredag 15. april - Familiedag med Sognehus.

På dagtid blir det aktivitetar for dei minste, og hytteprat for dei eldste. Kanskje kjem Olaf’en?

Det blir påskerenn i deler av Svarteløypa og ned på flata med tidtaking. Kjemp mot deg sjølv eller vennegjengen! Kven er raskast?

Dalalåven - Afterski i kafeen

Sognehus legg denne påsken ut Rindabotn Fjelltun for sal. Dei  ynskjer difor å feira dette med afterski og moro i Dalalåven!

Afterski inne i kafeen i regi av Sognahus frå kl 16.00 – 19.00. Det blir DJ og god stemning i Dalalåven.

Etterpå blir det passe høg pratemusikk og god stemning.

 Denne dagen har Dalalåven ope frå kl 10-24


Laurdag 16. april - Påskequiz frå kl 19.00

Kos og grilling i bakken. Ta turen innom Dalalåven eller benytt deg av grillane våre rundt om i anlegget.

Me rundar av påskeferinga i Dalalåven med ein god påskequiz. Me har invitert Bjøddngrynder og quizmaster Torbjørn Selseng til å leie denne kvelden.

Det blir som elles på dei opne kveldane høve til å kjøpa pizza og anna godt.

 Denne dagen har Dalalåven ope frå kl 10-24

 

Søndag 17. april Kostymerenn

Kostymerenn i Toyota trekket!! Kl 13.00

Kven har det kulaste antrekket??? Kva kjem Tonje til å ha på seg???

Dalalåven har ope 10-16


Måndag 18. april

 Me riggar uteområdet med alt me har av leiker, Olafen er invitert og har lova at han skal ta turen til Hodlekve i påska.

Dalalåven har ope 10-16



Aldersgrense i Dalalåven er 18 år etter kl 16

Onsdag den 13.april vil sjølvsagt born kunna vera med på basaren

Andrea og Lizzy på kosar seg i Fjelløypa.


Forrige
Forrige

Slik hadde me det førre helga.

Neste
Neste

Kvelskøyringa er flytta til Rindabotn