Prøv hundeslede i Hodlekve!
Prøv hundeslede i Hodlekve denne vintersesongen.
Fjordhusky driv med hundekjøring i Hodlekve.
Hundeslede er moro, lærerikt, spennande og ein får oppleve naturen på ein heilt nye måte.
Ta kontakt via fjordhusky.com eller via Fjordhusky si facebookside for booking.
Turane går frå baksida av Dalalåven opp til Høgehaug og tilbake. Det vert også tid til å ta bilete og få kosa og klappa på verdens snillaste hundar.
No har du høve til å oppleve flotte sledeturar innover fjellet anten mot Høgehaug eller over Fagreggje og Fjærlandsete.
Dette er ei oppleving som passar dei absolutt fleste.
Ein mest svevar innover fjellandskapet i eit passeleg tempo i sleden bak hundeekvipasjen. Er du eller kjenner du nokon som er dårleg til beins, gamal eller ung, men elskar og saknar fjellet?
Då er ein hundesledetur den absolutt perfekte tingen å gjere.
Sjå video frå ein rundtur over Fjærlandsete her: YouTube
Sjå innslag på Vestlansrevyen her : NRK
Hundesledekøyring er trygt og komfortabelt.
Born ned til fire år kan sitte på, også saman med vaksne. Det er plass til to pr. slede, evt. to vaksne og eit lite born. Er borna under 4 år så må det gjerast vurderingar alt etter vêr og føre, då det kan bli for kaldt for dei minste. Ta kontakt så gjer Fjordhusky ei vurdering.
Hundane er saman med hundekøyrar Kenzo topp trente og har mykje erfaring med tusenvis av timar i fjellet. Det er ikkje farleg og hundane elskar folk, dei set ekstra stor pris på å bli kosa med. Men aller mest så elskar dei å springe i flokk. Så diggar dei også å bli fotografert saman med deg !
Dette er eit supert tilbod for foreldre og born til å komme seg opp til Høgehaug saman.
Booking ¨
Ein kan også booke lengre turar, til dømes rundt Fjærlansete over Sumhaug og Høgehaug. Dette er 3 timars turar og kan bookast via fjordhusky.com Desse turane får ein verkeleg god kjennskap til kva hundeslede er. Inntrykka står i kø heile vegen. Tida går fort bak 10 ivrige hundar som travar avgårde i snøen.
Hundespannturar passar særs godt også for eldre personar, folk med fysiske problem, PPT, barnehagar.
Ta kontakt med fjordhusky.com så skreddarsyr me eit opplegg for dykk.
Vel møtt og God tur!