Ny lågterskel familieløype

Me ynskjer att endå fleire skal få ta del i skigleda.

Derfor har me utvida tilbodet i Sogndal Skisenter, med ei lågterskel familie-skiløype, tilpassa dei nye og dei minste.

Frå toppen av Holentrekket kan ein no ta seg ned til botn utan det vert for bratt.

Med ei snitthelling på 10% så skal bratta vere overkommeleg for dei absolutt fleste. Eit naturleg steg og ta frå barnetrekk.

Men det er også ein super løype for alle som berre vil cruise ned i eit bedageleg tempo. Og ja, ein ser Hurrungane frå toppen der, endeleg kan me syne fram fjella våre på ein betre måte for endå fleire.

Løypa er om lag 3 kilometer lang og har ei ca. breidd på 12 meter. Soleis kan endå fleire få oppleve den gode skigleda og ikkje minst den flotte utsikta i høgfjellet.

Jobben er utført av Agledal Maskin frå Voss, og no er alt klart til snøen kjem.

– Agledal Maskin har gjort ein fantastisk flott jobb. Dette er gamle ringrevar som har bygd mykje veg og løyper i fjella rundt i kring. Denne løypa er eit viktig og rett steg for oss i Sogndal Skisenter, som eit ledd i satsinga vår på og bli eit mykje meir familievenleg anlegg, seier driftsleiar Kim Andre Navarsete.

Til neste år, og på sommar og haust, skal løypa bli nytta so vandre og sykkelsti, det har aldri vore enklare å komme seg høgt til fjells i Sogndalsdalen.


Me håpar du likar den, inviter gjerne med deg dei som før syntes det var for bratt.

Vel møtt og god tur!



Forrige
Forrige

Kjøp sesongkort til parkering trygt og enkelt via app

Neste
Neste

Kampanjepris på sesongkort !