Helgamenyen er servert!
Me har flotte vinterdagar i Sogndal Skisenter om dagane.
Vel møtt til ein ny helg her hjå oss.
Her er kva me har på tapeten denne helga:
Langrenn
Denne helga er SSF Cup endå ein gang flytta til Hodlekve grunna dårleg gjort av kong vinter andre stader.
Skileik med Tonje
Laurdag og Søndag presis kl. 13.00 vert det skirenn for born i alle aldrar i barnebakken Toyotatrekket. Laurdag vert det parallel leik og søndag blir det hopp med stil i bølgebakken eller bølgeløypa som nokre kallar det. Sprudlande Tonje N. Tangerud, er tilbake som rennleiar. Dette er eit lågterskeltilbod der meistring og skileik står i fokus. Bli med Tonje og co på skileik i helga.
Innandørs
Dalalåven er som alltid opent når skitrekka er. Frå 10 - 16. God gjærbakst, nysteikte vaflar, kakao og kaffi m.m. Leikeromet er opent. Intersport sin skiutleige også..
Prøv hundespann
Me har denne veka fått på plass noko heilt nytt. Fjordhusky har flytta frå Frønningen til Hodlekve for vintersesongen!
16 hundar er no klare til å dra deg opp på hundeslede til Høgehaug eller rundt Fjærlandsete. Kenzo er ein erfaren kusk, med lang fartstid frå Nordsverige og Finland. Hundespannkøyring passar for alle over 4 år. For born under den alderen er det dagstemperaturen som avgjer. Ta kontakt med Kenzo. Hundane er godt vande med folk, dei lika å både kos og klapp. Men best av alt elskar dei å springe. Lat deg fascinere av kreftene, uthaldenheita frå sleden der de glir gjennom vinterfjellet. Det er magisk og må berre prøvast. sjekk meir på Fjordhusky sine heimesider eller Facebooksider, eller klikk her: FJORDHUSKY
Me preppar alt som vanleg til kl. 10.00 Det manglar endå litt snø (snøbru) ved elva på Sumhaug før ein får køyrt opp spor der. Men jobben blir vurdert fortløpande. Følg med på Facebook eller langrennsporet.no for oppdatering på dette.
Opningstider 10-16 fredag - søndag, pluss kveldskøyring i Hodlekvetrekket fredag kl 18-21
Vel møtt til ny helg hjå oss!