Norsk Tipping på vitjing
Laurdag 30. november kl. 12.00 kjem representantar frå Norsk Tipping på besøk til oss.
Tippemidlar er eit utruleg viktig og ofte avgjerande bidrag for at idrett- og aktivitetstilbod eksisterar og blir utvikla rundt i landet.
AKEBAKKE
Me har ikkje nok snø endå til å starte skitrekka våre endå, men me har akkurat nok snø til å lage ein morosam akebakke.
Me har fått med oss ein sporty gjeng frå Sogndalsrussen som arrangerer ein uhøgtidleg akekonkurranse laurdag mellom kl 12.00 - 13.00. Ta med akebrett å møt opp.
Aking er moro for born i alle aldrar. Så medan me ventar på dei første verkeleg store snøfalla så har me det moro på akebrettet.
Me trekkjer også nokre fåe premiar på alle som deltek.
TIPPEMIDLAR
Me er så heldige å ha fått tilskot gjennom ordninga til fleire avgjerande prosjekt som gjer til at me er der me er i dag. Eit aktivt anlegg ikkje berre for Sogndal, men heile regionen og fylket. Mellom anna har me fått tilskot til utvikling av nedfart Rindabotn, Nytt barnetrekk med lys, Kalvavatnitrekket med tilhøyrande nedfart.
– Aktivitetstilboda me har og utviklar er sett i eit folkehelseperspektiv utruleg viktig. Med Tippemidlar har me kunne utvikle oss og fått tilrettelagt eit breiare og større tilbod. Ikkje berre for vintersatsing, men også om sommaren. Dette gjer oss til eit heilårs aktivitetstilbod med fokus på helse og sunne verdiar. Ein må hugse på at den største konkurrenten vår er ikkje andre anlegg med liknande tilbod. Det er sofaen som er den store utfordringa. Me i Sogndal Skisenter ynskjer å vere ein tilbydar av aktivietar heile året, for alle. Me er på god veg til å bli akkurat det. Mykje takka vere tippemidlar, seier Per Odd Grevsnes. Dagleg leiar i Sogndal Skisenter Drift AS.