No er det laussnøbonansa

Me startar opp verdas beste og mest sosiale skiheis, Laussnøekspressen. Frå og med onsdag denne veka vil den gå non stop fram til søndag ettermiddag – innanfor opningstidene våre frå klokka 10-16.

 Me startar også opp Boligpartnertrekket under Kalvavatnet, slik at du kjem lett til godsakene over riksveg 5, Fjærlandsvegen.

No er endeleg verdas beste snø tilbake der den høyrer heime, her i Sogndalsdalen. Me prisar snøen som lavar ned – og som skal halda fram med å lava ned dei komande dagane – med å starta opp den rullande skiheisen, Laussnøekspressen

Frå og med onsdag 2. februar til søndag ettermiddag (6. februar) går Laussnøekspressen i skytteltrafikk frå Selseng til Rindabotn innanfor opningstidene våre, klokka 10-16. Her er det meir enn nok snø til alle, og ifølgje metereologane skal me få rikeleg med påfyll kvar einaste dag.

Så ei sterk oppmoding til alle lausnøelskarar som vil leika seg i skogen over riksveg 5: Hald deg over brøytekanten! Ikkje gå ned i riksvegen for å letta turen til busslommene. Desse busshaldeplassane er laga for å ivareta din og andre sin tryggleik. Og Laussnøekspressen stoggar kun på desse lommene!

Ei sterk oppmding til: Ta vare på deg sjølv og dei du er med i laussnøen. Ikkje oppsøk skredfarleg terreng! Sjekk varsom.no for skredvarsel.

 

God laussnøtur!

FOTO: Håvard Nesbø

Forrige
Forrige

Laussnøekspressen

Neste
Neste

PUDDERALARM OG LAUSSNØEKSPRESS