Me har starta langrennssesongen !

Me har i dag, fredag den 4. desember kjørt gjennom 5 km lysløypa vår. Me treng 10 cm til før dette blir bra, men det er mulig å ta turen for dei som ikkje er kresne på underlaget. For det er enkelte stadar der me kom nedpå ! Det er lagt klassisk spor på store deler, men det er ikkje samanhengande.

Minner om at det er parkeringsavgift i Hodlekve heile døgnet., betal gjerne på easypark 6925, elles er det automat ved SIL hytta og ved heishuset i Rindabotn.

Dagsparkering kostar kr 70,- sesongkort 850,- og årskort 1050,-

video på facebook


Det kostar ein del å trakke langrennsløyper me set stor pris på at du er med å bidreg :-) Vipps #85540


Forrige
Forrige

Lyset i langrennsløypa

Neste
Neste

Siste frist er på Laurdag !