Me har god plass til deg

Den gode snøen er dosert og vatna og me har auka parkeringskapasiteten ved Sogndal Skisenter med 84 plassar i løpet av natta. – Her er det plass til alle som vil kosa seg i snøen vår.

 

Dagleg leiar Per-Odd Grevsnes smiler om kapp med både sola og snøen som har lova å lava ned dei komande dagane. Staben hans har nytta seg av minusgradene og trylla fram 84 nye p-plassar. No har me nær 400 parkeringsplassar å by på, og på dei travlaste dagane vert du møtt av smilande parkeringsvakter som hjelper deg å finna plass til bilen.

Også inne i Dalalåven er kapasiteten auka mykje, slik at det skal vera god plass både ute og inne.

Med vinterferie og Fjellsportfestivalen like om døra er me klar til å ta imot deg og gjera vårt aller beste for at du skal få gode opplevingar. I samband med Fjellsportfestivalen er det sette opp ei rekkje bussar frå sentrum, og frå og med torsdag er det også full rulle med Laussnøekspressen.

Hjarteleg veldkomen til oss i Sogndal Skisenter!

Forrige
Forrige

Fjellsportfestival og mykje moro!

Neste
Neste

Vinterferie og Festivalveke !