Så kom regnet .....
Me ser oss diverre nødt til å stenge på fredag den 11. Januar.
Optimismen var stor då me fikk eit lite snøfall på onsdagskvelden og på dagen torsdag. Så kom regnet omlag samstundes som me opna for kveldskøyringa på torsdagskvelden. Dermed tok det ikkje lang tid før snøen vart vekke på dei mest sårbare plassane i dei preparerte nedfartane.
Me treng derfor fredagen til å samle snø og få lagt på dei mest kritiske plassane. Når dette er gjort vil me klare å halde ope Hodelkvetrekket og Barnetrekket i Hodlekve til helga
Opningstidene blir då slik :
fredag -stengt
Laurdag 10-16
Sundag 10-16