Me flyttar all aktivitet opp i Rindabotn.
Denne vinteren er jammen lunefull. Me ventar spente på meir snø, men inn til vidare kan me ikkje kjøre Neumantrekket nede i Hodlekve. Det er for lite snø. Dermed flyttar me all aktivitet opp i Rindabotn, der er det framleis gode forhold. Dette vil og få konsekvensar for kveldskøyringa vår som blir satt på vent.