Me er klare til ei ny helg !
Gyda med alt sitt regn har sett preg på fjella våre desse dagane, men ho klarte ikkje å reise med all snøen ! Me har nytta dagen godt og no er me klare til ei ny helg, med aktivitetar for store og små. Tonje Norheim Tangerud tek i mot dykk i Toyota trekket ! Der blir det moro med ulike aktivitetar for dei yngre. Elles vil både Holentrekket og Boligpartnertrekket vere opent.
Når det gjeld fjelløypa er det slik at Gyda har reist med all snøen rundt Rødekorskassa. Så dersom du ynskjer å ta turen til Høgehaug, må du krysse på brua som ligg 50 meter opp om Rødekorskassa. Me har hengt opp rekkverk på brua slik at det skal vere trygt å gå over. På fredag kom det eit lite slør med snø som vinden har fått kosa seg med.
Langrennsløypene har og fått har medfart og over myrane er det berre is, Men me har kjørt gjennom utan klassisk spor. sjekk skisporet.no
Dålalåven er open og serverer god mat av ulikt slag, husk at me må bruke maske om ein ikkje klarar å halde meteren !
Velkommen og god helg !
Elva ved Raudekrosskassa set ein stoppar for preparering av fjelløypene denne helga, men det går fint for folk å passere på ei bru litt lenger oppe.