Magisk sesonginnspurt med knall forhold!

Vel møtt til vårsol og gode skiløyper

Då nærmar me oss sesongslutt her i skisenteret. Men endå har me litt meir på lager!




Ein spesiell sesong har dette blitt, på samme vis som ein vintersesong no går mot slutten, får me håpe at også kapittelet om pandemien no snart rundar av.

Me har vore flinke saman, alle som ein. Takka vera deg og ditt besøk har me kome oss gjennom ein sesong litt utanom det vanlege. Me har hatt opent heile vegen, det kan vel seiast at me har trekt vinnarloddet, når ein ser, ikkje minst mot større skianlegg og heile resten av verda.

Toyotatrekket heile året. Barnebakke om vinteren, lågterskel sykkelløype på sommaren.


Me har det fint her i Sogndalsdalen, her finn ein fred og ro, armslag og god plass. Ein plass for god helse, refleksjonar og eit avbrekk frå kvardagen og nyheitsbiletet.

Det er mange som kjem og takkar oss for gode løyper, at me står på og legg til rette.

Men det er me som skal takke.

Me takkar deg.

Vårslush i Rindabotn.



Det er du og dei andre likesinna som likar snø, ski, og frisk luft med armslag og ein plass for gode tankar, refleksjonar og meir ski og mykje moro som fortener ei takk. Det er du og dei andre likesinna som gjer det mogleg for oss å drive skisenteret, legge til rette for skileik trivsel, preppe gode løyper dag og natt.

Det er du og dine som kjem på besøk som gjer dette mogleg. Me er no på oppløpssida for denne vintersesongen, ein sesong lit utanom “normalen”, men den blei bra, me synest den vart veldig bra.

Men neste sesong vert endå betre.



Det kjem til å skje mykje hjå Sogndal Skisenter etter me stenger skitrekka for sesongen 2. mai. For hjå oss vert det opent heile sommaren og hausten med.

Me har mykje jobb å gjera for at du skal få ei endå betre oppleving på ski neste sesong, planane er allereie der, arbeidslysta er på plass, so me gir gass! Me vil oppdatere deg utover sommaren kva me driv på med, og det er ikkje berre ski.

Me har store ting på gang også for sommardestinasjonen er hjå oss. Me utvidar turstinettverket, eit mykje større sykkeltilbod, sykkelutleige, utbetring av den grøne løypa vår som er perfekt for både vandring og sykling sommarsdagen. Me gler oss til å presentere dette for deg etter kvart som det står ferdig.

So når snøen reiser er me absolutt ikkje ferdig. Rindabotn og parkeringsplassane står der klare til å ta imot deg heile sommaren og hausten. Me håpar du vil bruke området også sommarsdagen.

Men før den tid, skal me fortsatt kose oss på ski ut resten av april.

Vel møtt til Sogndal Skisenter, me har opent onsdag til søndag kl. 10-00 - 16.00 fram til 2. mai.


Sogndal Skisenter i vinterdrakt. No kjem sommaren, me gler oss til å sjå deg!

























Forrige
Forrige

Gratis dag i skitrekket 2. mai

Neste
Neste

Kjøp skipass online!