MAGISK HELG og meir skal det bli!
For dei som er på besøk hjå oss i helga så veit dei godt kva me pratar om.
Med forholda som er no kan det knapt bli betre i fjellheimen.
Nattefrost sørgar for at snøen set seg, sola tinar den opp i herleg påskeslush, før det frys til att når sola takkar for dag.
Dagane er lysare og lengre. Det er ein eigen sjelefred i fjellet no. I bakkane og løypene våre kan du stå trygt på ski utan å tenke skredfare.
Vérmeldingane framover er også på vår side. Me skal nytta veka som kjem godt, det er i allefall sikkert.
Laurdagen vår kort oppsummert var slik:
(Alle foto: Håvard Nesbø)