Laussnøhelg eller 23 kilometeren ?

Her i skisenteret har det landa ca 12 cm i løpet av siste døgn, i tillegg fikk me knappe 20 cm på tysdag ! Det gjer at Hodlekveskogen er superaktuell denne helga ! Fjelløypene vert køyrde i natt og står klar til i morgon tidleg. Totalt legg me vel 23 km med spor no i natt :) I tillegg kan du ta turen vidare til Leikanger då løypene våre møtast omlag ved Fjærlandsete.

Laussnøekspressen køyrer første tur frå Selseng ca. kl 12.00 . Vidare 13.30, 14.30 og 15.30. Om det blir kø så kjører den kontinuerlig.

Prisar på bussen:
Skibuss Sogndal – Hodlekve kr. 50,- (kl 11.00 i helgane) 
(Startar på Helgheim så busstasjonen)

Skibuss Hodlekve – Sogndal kr. 50,- (kl. 16.00 i helgane)

Laussnø enkeltbillett kr. 70,-
Laussnø dagskort kr. 100,- 
Laussnø helgekort kr. 150,-

Har du gått 23 kilometeren ?

God helg❄️

Den nye laussnøekspressen er klar !

Forrige
Forrige

Me ynskjer oss ein skiinstruktør

Neste
Neste

Ledige hytter i Hodlekve til helga