LAUSSNØEKSPRESS SØNDAG 1. mars !

LAUSSNØEKSPRESS SØNDAG!
Avgang FRÅ SELSENG kl: 12:00 - 13:30 - 14:30 - 15:30
Det vert skibussen som trer inn i rolla som ekspress. Den går frå Skysstasjonen kl. 11.00, slepper av folk i anlegget og startar på sjuttlinga. Den har retur frå skisenteret kl 16.00 til Sogndal. 
SNØRAPPORT: 
Ein finn fortsatt mykje uspora og god snø i skogsteigane. Sjølv eitter ein legendarisk Fjellsportfestival og mykje køyring. I natt har det koe ca 15 cm med tørrt påfyll:-)
Nysnø og innblåst snø siste to dagar: Rapportar seier om lag 30 cm dunsnø øvst og 20 nede. Det har vore kaldt heile veka. Så det er fortsatt mykje ekstra djupe områder Med rett jaktinnstinkt så finn laussnøhundar mykje gull!

Rapporten er levert av reinrasa laussnøhundar som har vore over i skogen i dag. Desse skal ein lye.

Les deg opp på varsom.no Ikkje køyr åleina. 
Betaling skjer ombord på bussen. Ta deg fram opp på brøytekantane, ikkje fara ned i vegbana å reke. 
Det skal snø i natt og i morgon :) 
Vel møtt til dunsnøsnødag. 🙌😄

Importert laussnøbikkje frå Oppdal, Sondre Setrom har etter kvart fått ferten av kest den beste snøen ligg. (Foto: Nesbø)


Forrige
Forrige

Korona info - stengte skitrekk

Neste
Neste

Skileik,Utstilling og Elektrisk Stemning!