Juleopning i Sogndal Skisenter!

Julefeiring og ein slags sesongopning.


Kjære gjester, hyttefolk og vener av Hodlekve!

Då er det jul, og me får endeleg opna delar av anlegget vårt.

Snøen har lata vente på seg i år, det er snakk om hadde me hatt kun skarve 20 cm. til, så hadde me fått opna for lenge sidan.

Me veit du er gira på å komme i gang for fullt med skisesongen din, og me kan love deg at det er me også, kanskje meir enn nokon andre!

Vår første snøkanon! Takk til Nesse Plast for all hjelp til å få den på plass

Men no skjer det!

No opnar me litt opp, og me har også diverse aktivitetar i romjula.

Nesseplast litt lenger ute i Sognefjorden, har all æra for at me no, 2. juledag kan få opna Toyota-barnetrekk i Rindabotn.

Trekket vert opent kl. 10-16

Dei finansierar vår aller første snøkanon, det første året. Utan dei, hadde me ikkje greid å få nok snø i barnetrekket til dette! Snøen kanona produserer blir mykje hardare og meir kompakt enn natursnø, så sesongen vert også lenger, om naudsynt grunna snøproduksjonen. 

Tusen Takk til Nesseplast for enorm og uvurderleg velvilje og eit godt samarbeid. De utrettar mykje for mange med den økonomiske hjelpa!


2. juledag entusiastopnar me også Boligpartnertrekket i Kalvavatni!

Det er fortsatt litt for lite snø til at me kan starte nederste del av anlegget. Men det er nok snø kring Kalvavatni og Boligpartnertrekket. 

Me kallar det entusiastopning fordi ein må sjølv syte for å koma seg opp til påstigninga til Boligpartnertrekket. 

Det er ikkje mykje parkeringsmulegheiter oppe i hyttefeltet, og det er smale vegar, så her må alle som kjem tenke litt fornuft slik det ikkje vert trafikkproblem. Det beste er å nytte parkeringsplassen i Rindabotn, ta skia på skuldra og gå opp vegen. Det er ei fin oppvarming i seg sjølv.

Me skjønar det kan være ei utfordring for born, så me ynskjer at ein prioriterer bilkøyring med av/på lasting av skiutstyr for dei som har born som vil opp i Kalvavatni.

Trekket er opent kl. 10 -16


Langrennsløyper:

Langrennsløypene er “sparsomt preparert”, me har ikkje ultimate forhold i løypene endå, skulle gjerne hatt litt meir snø der også. Men ein får seg nokre fine turar og runder om ein vil, mange er allereie i gang.

Langrennsløypa vart preppa 23. desember. Faste gode forhold i dag julaften. Litt ujamt med snø, nokre berrflekkar nokre stader. Me preparerer att 3. juledag. Nesten 5 km. er preppa. Men følg med det er ikke mykje nysnø som skal til før ein får store endringar. Me informerer so snøgt so råd, og det skjer noko.



preppa i jaor, 23.des. gode faste forhold i dag, men litt ijavnt med snø, barflekkar somme plassar. blir preppa igjen 3.juledag. nesten 5 km som er preppa

Turløyper til fjjells:

Det er køyrt opp scootertrasé til Høgehaug. Folk melder om gode forhold, me vil ha litt meir snø før me preparerer gjennom skogen med trakkemaskin. Men der er meir enn nok snø for ein flott skitur i jula. God tur og meld fra kvar du går!


Parkering:

Me minner om at årskort for parkering ikkje føl kalenderåret, men frå datoen du fysisk kjøper dette. Kjøp parkering via easypark sin app. Enkelt og genialt. Same gjeld lading for el-bil. Kjøp ladetid via appen. (max 2 timar pr bil)

Av omsyn til kapasitet og sikkerhet, så ynskjer me ikkje at ein køyrer opp til toppen av hyttefeltet når Kalvavatni opnar opp. Parker i Rindabotn på parkeringsplassane og bruk føtene opp, det tek 10-15 minutt å gå opp, ei god oppvarming for herlige svingar i god snø


Covid-19

Sogndal Skisenter rettar seg etter gjeldande føreskrifter og me har utarbeida og sett i verk tiltak for å begrense smittespreiing for at du som gjest skal være tryggast mogleg:

  • Om ein Ikkje er i same husstand så skal ein kun køyre ein og ein på T-krokane.

  • Ein og to meters avstand gjeld også i bakkane, samt køar, på parkeringsplassen og innandørs. Me har skilt som seier ein skistavs avstand. Desse skilta er utarbeida av ALF (Alpinforbundets Landsforening)

  • Me har sett opp desinfiseringsstasjonar fleire stader

  • Det er eit begrensa tal personar som kan vere inne i Dalalåven samstundes, ver venleg å føl beskjed og tilråding frå tilsette i skisenteret og Dalalåven.

  • Kjøp heiskort online på våre nettsider, slik unngår ein fysisk kontakt, og samleplassar.

    Sjå gjerne vår informasjonsvideo her: Covid-19 SOGNDAL SKISENTER







Dalalåven er no opna for sesongen. Med ny og spanande meny, dagens rettar kan du kose deg i utvida lokaler. Me anbefalar å følgje Dalalåven på Facebook for oppdatert dagens meny. 



27. desember vert det Pinne- og ribbetrim med Birgit Weel Skram, ved Dalalåven. 

Bli med denne friskusdama på litt sosialt moro trim. 

29. desember vert det Julebukkrace i Toyotatrekket. 

Ein uhøgtideleg akekonkurranse for born i alle aldrar. 

31. desember kan du bli med oss på årets siste tur i bakken!

Me køyer fakkeltog i samla flokk ned bakken. ( Om Rindabotn ikkje har opna trekket lagar me fakkeltog i hyttegrenda på ein alternativ måte) 

Så me skulle ynskja oss meir snø, men me gjer det beste ut av det me har. Og det ser ut som den endeleg skal kome no i romjula. Me er på plass og klare, og håpar du tar deg ein tur anten i bakken, Dalalåven eller i langrennsløypa.

Med dei beste ynskjer om ei god og fredfull jul til deg og dine.


Vel møtt

Sogndal Skisenter Drift. 

Me er snart klar for slike seine ettermidagar.

Me lengtar etter slike dagar! No kjem dei.



Forrige
Forrige

COVID-19 Sogndal Skisenter

Neste
Neste

Smittevernstiltak mot Covid-19 i Sogndal Skisenter