Herlege vinterdagar!
Gode forhold og ei spennande skihelg
Det snøar jamt og trutt her i Hodlekve om dagen.
Hodlekveskogen
Siste dagane har pudderalarmen gått i skogen. Og rapportar om ville gledeshyl ramlar inn kontinuerleg.
Difor set me og Tide opp laussnøekspressen laurdag 11. januar.
Og om milvêret held seg vekke frå skogen, så er det godt muleg den går også på søndag, den vuderinga gjer me fortløpande laurdag.
Som alltid, me minner om at all skikøyring utanfor preparerte områder er på eige ansvar. Ikkje køyr åleina, gjer sikre vegval, (varsom.no). Når du skal ta bussen, ikkje gå ut i vegbana, ta deg fram til nærmaste stopplomme ved å nytte vegskuldra.
Les meir om rutetider her: Laussnøekspressen
Fjelløypa
Me har endeleg fått preppa fjelløypa til Høgehaug, gode tilbakemeldingar frå turfolket som fann vegen opp der i vintersola i dag.
Vêrmeldingane lovar endå meir snø.
Vinterfesten
Så no set verkeleg vinteren inn hovudtrykket, og me er klar, me er også klar til å ta imot alle skiglade.
I helga er det opent 10 -16, Toyotatrekket, Holentrekket og Kalvavatni. Hodlekvetrekket vurderar me fortløpande.
Det er gneistrande føre i langrennsløypene, dei berre ventar på deg.
I Dalalåven finn du både kafeteria, skiutleige, skipass, sportsbutikk og leikerom.
Då skal det meste vere sagt. Ja, foresten, det er fortsatt ledige hytter hjå oss utover vinteren, dei finne du her: hytteutleige
Vel møtt!