Gratis skikort på 1. mai

Sognehus - Boligpartner er ein av våre samarbeidspartnarar. 1 Mai. inviterer dei til gratis skikøyring.

Denne dagen er det dei 3 trekka i Rindabotn som er opne; Toyotatrekket, Holentrekket og Boligpartnertrekket. Me har rikeleg med snø og løpa til Høgehaug vart preppa i går ettermiddag. Det er ingen grunn til å pakke ned toppturskia enno, det vil vere snø i Hodlekve i mange veker enno.

Fjelløypa til Høgehaug er enno i god stand . Når det gjeld runda rundt Fjærlandssete er snøbrua ved Sumhaug no utrygg, det blir derfor ikkje kjørt meir der.

Langrennsløypene vil heller ikkje bli køyrt meir i år. Alle merkestikkene er no tekne ned.

Det har ikkje kome inn så mykje på den frivillige løypeavgifta denne sesongen. (ca 35 000,-mot 102 000 i fjor...) Dersom de er nøgde med jobben me gjer er det supert om de kan vippse oss ein slant på #85540

God skihelg !

Forrige
Forrige

Vintersesongen 2021/2022 er over

Neste
Neste

Slik hadde me det førre helga.